Storfjordnytt
5 minutter lesetid

Overraska, skuffa og uroa

Etter å ha sett møtet på nett sit eg som småbarnsforelder igjen både overraska, skuffa og uroa over at AP og SP sitt pengeforslag til slutt vann fram.

Saken fortset etter annonsa

Overraska:

Det blei sagt at dette var «ein gledens dag for Eidsdal skule» fordi alle parti var einige om at skulen burde få midlar. Det stemmer at det er brei semje om at skulen treng ei oppgradering, men det er òg viktig å minne om at det tidlegare har vore bevilga pengar gjennom vedtak der årstal var fastsett. Når desse årstala har nærma seg, har nye vedtak med utsetjing kome grunna økonomi. Sidan den gong har Eidsdal skule oftast blitt nemnt som enten eit valpunkt eller eit kostnadselement i kommunen. Eit vedtak står som kjent berre til neste vedtak.

Det blei òg vist til at H og Frp sitt forslag om oppstart hausten 2026 mangla planar. Her undrar eg meg på om dei som avviste dette har gått gjennom dei planane som låg føre sist saka var oppe i kommunestyret.

Uroa:

Eg reagerer òg på tonen i møtet. Ordskiftet bar tidvis preg av kommentarar som etter mi vurdering kunne vore meir saklege, spesielt frå representantar frå SP. At ordføraren ikkje i større grad styrte debatten i ei meir konstruktiv retning, synest eg er vanskeleg å forstå.

Det blei til dømes sagt: «Hadde oss hatt eigedomsskatt så hadde oss hatt økonomi til å renovere skulen». Eg etterlyser dokumentasjon som underbyggjer ei slik vurdering. Det blei òg stilt spørsmål ved at H og Frp hadde vore på befaring med fagkyndig personell, og kva dette innebar for tilliten til kommunal kompetanse. Dersom alle representantane hadde vore til stades på den same befaringa, ville dei sett at det der kom fram fleire døme på manglande oversikt over bygningsmessige forhold – blant anna at byggjeåret for ein del av bygget ikkje var kjent, og at ein lekkasje hadde fått stå uavklart lenge før ei enkel utbetring blei gjort. Og at ein får høyre frå ledelsen “kva bygg er det ikkje som lek litt”.

Under befaringa var det også fleire som uttrykte overrasking over tilstanden på bygget. Det la eg sjølv merke til. Det var òg påfallande at ein del gjekk forbi lærargarderoben, som etter mi vurdering er i særs dårleg stand, men dette kan ha samanheng med at ein måtte rekke ferje.

Skuffa:

Det kom kritikk mot H og Frp for at dei ønskte å starte planlegging no og byggjestart til hausten. Etter tidlegare erfaringar fryktar eg at vi neste år igjen står med same sak, berre at tittelen blir «Utsetjing grunna økonomi». Det er no det synest å vere politisk vilje til å gjere noko konkret på sørsida enn å drøfte nedlegging, slik vi har høyrt i mange år.

Saken fortset etter annonsa

SP og AP grunngav forslaget sitt med økonomisk ansvarlegheit. Samtidig meiner eg tidlegare økonomiske prioriteringar i kommunen burde gi grunnlag for ekstra grundige vurderingar frå dei same partia. Då H og Frp foreslo å finansiere tiltaket gjennom sal av kommunale bygg, verka det som om dette skapte uro. Eg meiner likevel spørsmålet er relevant: Kva skal kommunen med så mange bygg når vedlikehaldskostnadene er så høge? Bygg som ikkje blir tekne vare på taper raskt verdi.

Det vart aldri foreslått lån frå nokon av partia. Men den som ynskjer å finne peng, dei finn og kanskje litt.

Til AP og SP:

Dersom midlane blir fordelte slik vedtaket no legg opp til, vil elevane kunne risikere å gå i eit bygg som er prega av arbeid over fleire år fram til 2028. Eg etterlyser ei klar vurdering av korleis ein vil sikre eit trygt og godt læringsmiljø i denne perioden.

Har de innhenta ein ekstern fagkyndig kontroll av heile bygget før de la fram forslaget?

Og har de vurdert kva kostnader som følgjer med å fordele arbeidet over så lang tid—til dømes tilrigging, drift, personell og årleg prisauke—samanlikna med ein meir samla gjennomføring?

Slik eg ser det, kan ei langvarig oppdeling bli dyrare enn å gjennomføre prosjektet meir effektivt når ein først er i gang.