Perfekt preppa løyper, med nokre utfordringar

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Har du eit kart over Sunnmøre for handa? Kan du då peike på dei stadane der det er førsteklasses, preparerte skiløyper slik som skjermbildet frå Øvre Stordal viser?
Stordal idrettslag – Fjellservice har denne sesongen gjort ein makelaus innsats med å halde skiløypene i god stand. Seinast 10. mars 2025, var tilbodet 4-5 kilometer med førsteklasses skispor. Stordalsfjella viste seg frå si beste side med sol og snø.



Det har ikkje mangla på utfordringar for Fjellservice denne vinteren. Det har til tider vore lite snø, og under flaumen sist onsdag og torsdag rasa det ut over løypetraseen, ikkje langt frå Seljebotsbrua. Det lokale namnet på denne staden er Bruaberget. Fjellservice let seg ikkje stoppe. Dei har på eigen kostnad leigd gravemaskin for å få dette i orden att.