Storfjordnytt
4 minutter lesetid

Seniortreff på Grendasalen – onsdag 4. juni 2025

Leiar Ann Elise Dyrkorn ønskte dei ca 50 frammøtte hjarteleg velkomne. Ho retta ei særskilt helsing til musikarane i «Nabolaget» og til forfattar Svein Linge som denne gongen skulle halde foredrag om krigshelten Martin Linge.

Saken fortset etter annonsa

Norma Rødset delte dagens ord med diktet Haugtussa av Arne Garborg – framført med nærvær, varme og ekte innleving.

Etterpå blei det servert rykande varm og smakfull rømmegraut med tilbehør, levert frå Nilsgardstunet.


Norma Rødset med dagens ord – diktet «Haugtussa» av Arne Garborg. Foto: NVB.

Forfattar Svein Linge, opphavleg frå Valldal, har tidlegare jobba som lærar, informasjonssjef og redaktør. I 2019 gav han ut boka Martin Linge. Mennesket og krigshelten – ein biografi om Linge sitt liv, oppvekst og roller han hadde under krigen. Det var han som i 1940 bygde opp og hadde ansvar for den norske kommandostyrken «Kompani Linge». På slutten av desember 1941 vart Martin Linge skoten og drept under Måløyraidet som einaste nordmann. Ein annan stor krigshelt Svein Linge meinte burde få plass i historiebøkene, var den unge soldaten Rubin Langmo frå Oslo. Som 20-åring – utan førstegongsteneste – melde han seg og ville kjempe mot den tyske invasjonen. Han var ein iskald, sterk og modig ung soldat, og vart etter kvart kaptein i «Kompani Linge» under namnet Ruben Larsen. Boka har tittelen Rubin Langmo – Krigshelten som forsvann.

Takk til Svein Linge for eit engasjerande og interessant innlegg. Dette vart godt motteke, og mange uttrykte stor interesse for historia han formidla. Han hadde også med bøker som mange nytta høvet å kjøpe. 

Etter foredraget var det tid for kaffi og kaker, samt åresal og trekking av gevinstar. Det var livleg prat rundt borda, og deltakarane uttrykte at dei kosa seg. Mange framheva at desse treffa er ein fin og sosial møteplass.

Stor takk også til Nabolaget som stod for musikalsk underhaldning med fin song og musikk.

Leiar avslutta treffet med å takke for den fine turen pensjonistlaget hadde til Sekken i mai, og nemnde at det kan bli fleire fellesturar til hausten – mellom anna til konsertar, teater o.l.  

Saken fortset etter annonsa

Det vart også informert om at seniortreffet i oktober mest truleg blir avlyst, då pensjonistlaget vårt er invitert til Eidsdal-Norddal og Geiranger Pensjonistlag same veka på «Havets festbord»/Fjordafest. 

Leiar takka for frammøtet, ønskte alle vel heim og ein fin sommar. Neste seniortreff vert i september – då får vi besøk av Oddgeir Bruaseth.

Vi takkar Sparebanken Møre for sponsing av seniortreffet!