Spinneriet i Valldal

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Eg har lyst å skrive nokre ord om ein tidlegare fabrikk i Valldal som truleg er ukjendt for dei fleste. Namnet på fabrikken var Valdal Ullspinneri, i daglegtale kalla spinneriet.
Fabrikken var starta av Ole Jakob Valdal (1871-1951) og driven av sønnene hans Bjarne og Reidar og svigersonen Ola Thue. Den sysselsette seks personar, så utanom dei sjølve vart det leigd inn tre arbeidarar. Stort sett var dette ungdomar frå bygda.
Det vart bygd ei fabrikkbygning på Tegane på heimgarden til Ole Jakob, mellom stova og løa. Tomta måtte den gong gravast ut med hakke og spade. Då det var skrånande terreng var det mykje masse som måtte køyrast vekk. Ein lastebil stod klar,og massen vart trilla bort til den og opp på lasteplanet på plankar som stod på skrå. Dette var like før krigen truleg i 1938-39, så eg hugsar så vidt dette arbeidet. Arbeidskraft var billeg, så det vrimla av folk.
Då bygget stod ferdig, kom lastebilar med maskiner frå Austlandet. Ein jærbu med namn Stangeland var med på monteringa, og han var og med fyrste halvåret for å få i gang drifta.
Fabrikken dreiv det dei kalla leigespinning. Bøndene leverte inn ull og fekk ferdig garn tilbake.
Ullklede var viktig under krigen, så det var nok å gjere.
Etter krigen kom det garn i butikkane, og det vart etter kvart slutt på leigespinning. Maskinene byrja å bli utslitte, så fabrikken vart lagd ned ca 1950.
Eg har leita på nettet og i bygdebøker, men finn ikkje eit ord om Valdal Ullspinneri. Skulle tru den ikkje hadde eksistert, men eg arbeidde der sjølv året 1948-49, så dette er ikkje nokon draum. Trur ikkje det var så mange industriverksemder i bygda den tida, så det er underleg at denne ikkje er nemnd nokon stad.
Med helsing,
Oddfinn Thue