Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Storfjordens Venner inviterer til slåttedugnad på Ytste Skotet

I helga 16-17. august arrangerer Storfjordens Venner den årlege slåttedugnaden på garden Ytste Skotet.

Saken fortset etter annonsa

Dugnaden har tidlegare vore svært populær, og det har møtt folk frå fjern og nær.

Ytste Skotet har ein del spesielle og sjeldne planteartar. Storfjordens Venner har difor fått laga ein eigen skjøtselsplan for innmarka og ei myr som også har spesielle biologiske verdiar. Slåtten skjer seint på året slik at plantane skal få høve til å frø seg før slåtten.

På dugnaden får du informasjon om dei spesielle biologiske kvalitetane på garden. Vi gir også litt rettleiing i bruk av slåttereiskapar (ljå, stuttorv) for dei som ønskjer det, og korleis ein set opp ei høyhesje.

Er du interessert, kan du melde deg til innsats på heimesidene til Storfjordens Venner seinast 13. august.

Du får sjølvsagt mat under opphaldet.

Båt vert sett opp frå kaia på Dyrkorn laurdag 16. august, kl.10:00

Det er mogleg å overnatte. For dei som ønskjer dette vil det bli organisert båt tilbake søndag, tilpassa ønske frå deltakarane.

Vi ønskjer alle som vil gjere ein frivillig innsats for kulturlandskapet på Ytste Skotet hjarteleg velkomne!