Storfjordstemnet 2025 – på Skageflå

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Storfjordens Venner arrangerer i år stemnet på Skageflå, søndag 8. juni.
Vertskapet for arrangementet er Jan Ottar Møll som representerer grunneigarane for sameiget.
Storfjordstemnet inneheld som vanleg eit variert program med orientering om garden og staden, musikkinnslag, stemnetale ved direktør for Kulturminnefondet Simen Bjørgen, utlodding av mange flotte vinstar, sal av effektar og servering av rjomegraut. Slik blir det også i år. Og no er også programmet lagt ut på heimesidene til Storfjordens Venner.
Skageflå ligg på ei ørlita fjellhylle 250 moh. over Geirangerfjorden med utsikt rett over til Dei sju systrene og garden Knivsflå.

Denne staden vart vide kjent då H.M. Dronning Sonja og H.M. Kong Harald inviterte over 30 kongelege gjestar frå heile Europa til ein minnerik lunsj på tunet då kongeparet feira sølvbryllaupet sitt i 1993. Eit stort kongeleg følgje, med dronning Sonja i spissen, gjekk denne stien opp til Skageflå, der det vart arrangert lunsj for fire regjerande monarkar og andre representantar for dei fleste kongehusa i Europa.
Det var også på Skageflå at H.M. Dronning i 2006 avduka ein verdsarvplakett for å markere at dette området i 2005 hadde hamna på UNESCOs liste over kultur- og naturarven i verda.
Du kan kome til Skageflå på følgjande måtar:
Alt. 1: Båtskyss
Det er sett opp båtskyss til Skagehola ned ved fjorden både frå Geiranger og Hellesylt. Detaljar om tidspunkt og oppmøte vil du også finne på heimesidene.
Frå Skagehola går stien bratt oppover til Skageflå 250 moh. Dette er ein mykje gått tur, også av barnefamiliar, men mindre barn bør ikkje få gå åleine. Stien er steinsett og går i slyngjer oppover og er på nokre punkt utsprengd i fjellet. Ikkje vanskeleg, men bratt, og den som er høgderedd, kan oppleve det ubehageleg. Stien er sikra med gjerde på farlege punkt. Det tek ca. 45 minutt opp til Skageflå.
Alt. 2: Fottur frå Homlung
Homlung ligg om lag 2 kilometer frå Geiranger sentrum (bilveg).
Turen tek om lag 3 t og 40 min. og går via Homlung-setra 544 moh. Lengde på turen er om lag 4 kilometer éin veg. Stigning: 545 m.
Alt. 3: Kajakk
I Geiranger kan du leige kajakk? (https://www.geirangerfjord.no/kajakk-utleige ).
Tips: Ta gjerne med sitjeunderlag og kle deg etter vêret. Hugs godt fottøy!