Storfjordnytt
6 minutter lesetid

Stortingsvalet 2025 i ei kaotisk tid i verda

Kvar går vegen vidare? Miljøpolitikk? Forsvarspolitikk? Handel og samarbeid?

Saken fortset etter annonsa

Dei andletslause som tar val for oss er ikkje noko nytt. Vi må styrke det lokale sjølstyret i våre kommunar. Treng vi Fylkesmannen? Eg berre spør! Eg er ikkje imponert over kor fylkeskommunen er endt opp. Sentralisering er fylkespolitikarane sine svar på utfordringane.

Dei aller fleste vel norske landbruksvarer når dei gjer innkjøp. Det er ingen grunn til å tru det vil endre seg ved eit nærare samarbeid med resten av Europa. Norsk fisk, norsk kjøt, norske bær, norske rotgrønnsaker, norske poteter og norsk frukt er det vi som forbrukarar ønskjer. Vi er også villig til å betale litt meir for desse produkta.

Norge spelar ei stor rolle i nordområdane. Saman med Sverige, Finland, Danmark og EU, styrke denne posisjonen. Vi må legge vekk mindreverdighetskomplekser og stole på at i ein forhandling har vi gode kort på hånda. Våre diplomatar og politikare er dyktige. Perfekt vert det ikkje. Men gode vener er betre enn berre dårlege.

Det er ein moglegheit for at FRP vil sitte med mykje makt, ja sågar kanskje med statsministarren. At EU motstander Listhaug vil bidra til busetting i heile landet, sosial tryggheit og gje landbruket det dei treng, er vel høgst usikkert. SP og FRP kjemper om de same velgjerane på fleire område. Eg ser SP som et parti med sosiale verdiar og prinsipp som eg ofte kan vere samd med. Eg ser ikkje det i samme grad i FRP. Enighet om EØS og EU mellom dei to partia, er vel det ein av få saker der dei finn saman.

Noreg bør sjå utover, ikkje berre innover. Vi må tru, og vise, at vi har noe å bidra med. At vi er ein del av Europa, ein strategisk viktig del av Europa. Saman med Finland, Sverige og Danmark. I fleire europeiske land er det tydelege teikn på at demokratiet svekkes. EU som ein samlande kraft kan bremse dette.

Har Danmark, Sverige og Finland teke så feil? Har dei selt landet sitt til andletslause politikarar og byråkratar? I krise/krig vil EU sikre sine først. Vi aleine vil i overskueleg framtid ikkje kunne sikre dette aleine, verken med sjølforsyning av mat og militært. Sverige, Finland og Danmark har ikkje lagt alle sine egg i eit reir. Det har Noreg!

Storbritannia sin Brexit har ikkje tent Storbritannia godt. Mykje har gått galt, og med ganske stor sikkerhet, ville det ikkje bli noko Brexit om det prøves igjen. Nasjonalismen passerte ein tynn line der. Vi er betre enn dei andre. Vi treng ikkje andre sine tankar og beslutningar. Skotland, Wales og dei unge veljarane er ikkje enige i det. Ytre høgre i Storbritannia har no sagt at Storbritannia bør følgje USA med deponering av utlendingar.

Ein farleg president fører ein angrepskrig i Europa. Han er vår fiende, ein som ikkje vil oss vel. En annan farleg president gjer det han kan for å flytte vår allierte USA, vekk fra demokratiet. Skal vi satse alle korta på at Trumps USA vil halde sine løfter innen NATO sine rammer. Skal vår tryggleik stå på at ein diktator i USA vaknar om morgonen med rett fot først? De fleste av oss er nok enige i at Trump ikke er veldig opptatt av skilje mellom løgn og fakta. Der er Trump og Putin like! Då er eit medlemskap i EU ei tryggare ramme. Ein felles europeisk forsvarsallianse saman med Canada kan bli den tryggaste vegen vidare for Norge.

Vi er der no, i 2025, at vi ikkje kan stole på stormaktene USA, Russland og Kina. Eg likar særs dårleg at eit autokratisk USA skal vere vår viktigaste allierte og tryggheit i tilfelle ei krise. Som beskyttar av den frie verda, er Trump og MAGA sitt USA i spel. Då er, trass alle sine manglar og feil, EU ein allianse som vil kunne vere vår viktigstaste partnar.

Saken fortset etter annonsa

Om det verste skulle hende, då vil kommunepolitikken, sjølråderetten og andletslause politiske leiarar vere det minste problemet vi vil stå ovanfor.

Mykje er bra, og mye er problematisk med EU sine vedtak og beslutningar. Eg ser mange gode argument mot medlemskap. Ingen demokratisk organisasjon og politiske parti vil kunne vere einige med alle. Men den sikkerhetspolitiske tryggleiken, og tru på tett samarbeid mellom land i Europa, har alltid vore alfa omega for mitt standpunkt. Europa har vore, og er ein urolig del av verda historisk sett.

Denne gongen er det stortingsval. I eit kommuneval ville mine argument vere litt annleis. Men argumenta mine for EU vil ikkje endre seg! Krigen Russland starta, folkemordet i Gaza og kaoset i Midtausten og Øst Afrika kan aldri finne ei løysing om dei tre stormaktene ikkje opptrer demokratisk og tek ansvar. Der kan EU vere den fjerde stormakta som i demokratiet sin ånd er ein viktig føresetnad. No tenkjer eg tiår framover og ikkje nett no. Eg veit at mine meiningar om EU er i klart mindretal i Fjord kommune. Og eg skjønar kvifor! Men slik er mine tankar om den urolege tida vi lev i.

At AP er delt og H er klar på EU spørsmålet, vil kanskje vere det som avgjer min stemme denne gang. Men … så var det det med solidaritet, omfordeling og fellesskapet då!

Bruk stemmeretten! Godt val!