Strålande fin sommarfest med Sørsida Seniorklubb

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Atter ein gong var det skipa til i kjellarstova, med Sommarfest denne gongen – og det var Sørsida Seniorklubb som inviterte. Stova var som vanleg pynta og klar til å tak imot festglade folk. Denne gongen var vi 51 til stades, og det var full rulle heile kvelden.
Det er så kjekt når mange kjem, føler ein har gjort noko bra! Det var folk frå fem bygder, og det er så kjekt
Wenche ynskte velkomne, men starta spesielt opp med å ynskje våre tre nye medlemmar velkomne. Deretter dagens gjest, Ivar Homlong, samt alle andre gjestar. Ho våga seg på eit lite vers av Helge Stangnes, måtte gjera det før Wirkola starta opp.
Vi starta opp med å tenne lys for to som hadde gått bort, ein frå Eidsdal og ein frå Geiranger.
Ord for dagen: Eidsdal av Petter Løvoll, dette las Ivar Homlong og det var med stor innleving.

Nabolaget var på plass, og med fine tonar frå dei, song vi «Songen til bygda» og «Vårvise i naustet» av J. Kleppevik, nydeleg. Dei spela også «Den Bittersøte», det kan ikkje verte betre.
Etter bordverset serverte vi: rømmegraut, spekemat, saft og vatn. Kjempegod graut, alltid vellykka.
No er det Ivar sin tur. Han har eit oppkome av dikt og forteljingar den mannen. Han las mange fine dikt av Jakob Sande og fortalde frå livet hans. Jakob Sande har skrive mange dikt som er tonesett, og til nokre av desse dikta slik som: «Vestlandsvalsen», «Kleppe Marit» og «Eg vil gifte meg med Brita i Bu», spela og song Nabolaget.
Ivar las dikta «Vårteikn», «Vesle Daniel», «Den gamle fela», «Ormeljod», «Eg kryp for dei heilage menn», «Jenta», «Ja den kjærleiken», «Etter ein rangel», «Vesle jenta og folongen» og avslutta med «Då Gud hadde fest i Fjaler».





Nabolaget og Ivar Homlong avslutta med «Kommer nå» av Stein Ove Berg.
Tusen takk til ein fantastisk diktlesar, håpar det ikkje er siste gong vi høyrer han.
No skulle det smake med kaffe og kaker, alltid godt det. Praten gjekk, trur folk kosa seg. Det vart seld mykje årar , tusen takk for det.
Det vart gjeve opplysningar angåande «Havets festbord» den 3. oktober. Vi har fått inn bra med pengar på loddsalg, og sponsormidlar. Folk har vore fantastiske til å kjøpe lodd på bøkene som har gått rundt i bygdene – for ikkje å gløyme alle fine gevinstane som kom inn. Hjarteleg takk alle saman.
Vi kjem attende med info etter kvart. Dette gjeld då alle seniorar, 55+, i Fjord kommune. Dette vert ei anna form for Fjordafest.
Det vart meir song og musikk. Kva er livet utan? Må få skryte av våre «karra» i Nabolaget, dei er berre lekker. Ikkje alle som har slike smilande og kjekke karar med eit opphav av musikk!
Alle vart takka for oppmøte, det er alltid kjekt når dei går heim med eit smil om munnen, ja både dei og vi.
Ha ein fin og koseleg sommar!
Gode tankar frå
styret i Eidsdal-Norddal og Geiranger pensjonistlag