Stranda vidaregåande skule er ikkje nedlagd!

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Vi ser igjen store overskrifter om at Stranda vidaregåande skule står i fare for å bli lagt ned. Forslaget som no er sendt på høyring, legg opp til anten ei nedlegging eller ei samanslåing med Sykkylven. Men lat oss vere tydelege: Dette er framleis berre eit forslag – ikkje eit vedtak.
Likevel kjenner mange av oss på ei sterk uro. I fleire år har kompetansesjef Brekken uttrykt eit ynskje om å legge ned skulen vår, som om det har blitt eit mål i seg sjølv. Difor burde vi kanskje ikkje vere overraska over at det som no står i høyringsutkastet, står i direkte motsetning til det som blei sagt både på personalmøte og på folkemøte her på Stranda 19. mai.
På desse møta blei det uttrykt brei semje om at det skulle utgreiast ei mogleg samanslåing mellom Stranda og Sykkylven – men med to lokalitetar. Denne løysinga skulle ikkje tre i kraft før tidlegast i 2027/28, og ein skulle i fellesskap vurdere korleis tilboda kunne fordelast, til beste for elevane. No ser det ut til at det møtet berre var spel for galleriet – for å roe gemytta. For no kjem det eit forslag som tilsynelatande er førehandsbestemt.
Vi håpar at dette forslaget får motsett effekt av det Brekken kanskje hadde håpa på. Vi håpar at vi på Stranda – og i Fjord – no står samla og kjempar for skulen vår. Vi må ikkje ta høyringsforslaget for god fisk. Som så mange gongar før blir statistikk og tal nytta på ein måte som ikkje gir fullstendig meining.
Vi må sjå dette for det det er: ein trussel mot lokalsamfunnet vårt. Ei nedlegging vil føre til tap av viktige arbeidsplassar og verdifull arbeidskraft – noko som vil svekke heile regionen. Og det for å spare inntil 8 millionar kroner, ifølgje Brekken. Ein slik innsparing vil på lengre sikt kunne koste mykje meir – både økonomisk og sosialt.
Sentralisering og storskulepolitikk kan verke effektivt på papiret, men i praksis gjer det dei mest sårbare elevane endå meir utsette. Dei utfordringane vi ser ved større skular, vil berre bli forsterka.
Difor håpar vi at ungdommar og foreldre no ser verdien av å velje lokalskulen. Det er elevane som avgjer om det skal vere vidaregåande opplæring på Stranda i framtida.
La oss stå saman og kjempe for lokalskulen vår.
Helsing dei tilsette ved Stranda vgs