Svar på lesarinnlegg «Den glemte vei?»

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Kjære Olav! Det er ikkje av vrang vilje at du ikkje har fått svar på lesarinnlegget ditt. Det er rett og slett fordi det har vore jobba politisk med saka. Vidare framdrift er avhengig av kva posisjonen i Ålesund kommune bestemmer seg for. Inkludert ditt eige parti Høgre.
Eg har orientert i formannskapsmøta i Fjord, der Høgre også er representert, om korleis det vert jobba med å få sett utbetring av fylkesveg 650 på agendaen. Vi er avhengige av at Ålesund kommune, som vegen planmessig høyrer heime i, vel ein annan strategi enn at «Børdalslina» skal realiserast som eit samla prosjekt. Dette fordi det vil bli så dyrt at det er heilt urealistisk å få gjennomført i vår levetid. Vi ønsker at det heller skal arbeidast for utbetring av flaskehalsar på strekninga mellom Visettunellen og Vestre, og betre veg og påkopling til E39 på fv 522 over Giskemo.
Det skal ikkje stå på Fjord kommune å få framdrift i denne saka. Det har det heller ikkje gjort tidlegare. Førre kommunestyreperiode klarte Fjord kommune å arbeide fram ei intensjonsavtale med Ålesund, men midlar til å realisere denne forsvann med budsjettjusteringa som posisjonen i Ålesund kommune gjorde i fjor vår.
Eg kan forsikre deg om at arbeidet med å løfte utbetring av fv 650 er høgt prioritert både politisk og administrativt i Fjord kommune.
Med helsing
Terese Jemtegård Moen,
ordførar i Fjord kommune