Storfjordnytt
4 minutter lesetid

Svar på lesarinnlegg frå Kristen Leganger i Storfjordnytt/spørsmål sendt til postmottak Fjord kommune

Forventningsgapet

Det følgjande lesarinnlegget er eit svar på Kristen Leganger sitt lesarinnlegg i SN 09.10., og dei same spørsmåla som vart sendt til postmottak i Fjord kommune 26.09.

Saken fortset etter annonsa

Før eg går konkret på å svare på spørsmåla, ønsker eg å sette dette i lys av dei store utfordringane som alle norske kommunar no står i, også Fjord kommune. Inntektene sviktar og høge renter slit på kommuneøkonomien. Fjord kommune står og vippar på Robek-kanten med lite bufferkapital i disposisjonsfondet.

Perspektivmeldinga 2024 (Stortingsmelding 31) drøftar langsiktige utfordringar i norsk økonomi, og snakkar om tre hovudutfordringar; 1) kampen om arbeidskrafta, 2) behov for omstilling og 3) fortsatt god fordeling. I tillegg er det eit bakteppe med ein ny sikkerheitspolitisk situasjon som krev at vi brukar meir av samfunnet sine ressursar på forsvar og beredskap i åra framover.

Eg skjønar godt at du, og sikkert mange med deg kan vere frustrerte over at vi manglar ressursar til å levere tenester på same nivå som ein har vore vand med tidlegare. I dei to åra eg har vore ordførar har vi i kommunestyret blitt godt kjende med begrepet «forventningsgapet». Dette er gapet mellom det som vert forventa av kommunar og fylkeskommunar og det som er mogleg å yte med dei ressursane som er tilgjengeleg. Behova (og forventingane) aukar, men pengane og arbeidskrafta minkar. Korleis skal Fjord kommune ha evne til å levere velferdstenester i framtida med knappe ressursar, fleire oppgåver og færre hender?

Fjord kommune tek desse utfordringane på alvor, og held no på med ein Levekårsplan som vi har mål om å vere ferdig med, og politisk vedteke våren 2026. Målet med denne planen er å få gjort noko med forventningsgapet, slik at vi i framtida maktar å levere tenester til dei som treng det.

Fysioterapi

Spørsmål: Det er no berre 2 dagar i veka med fysiotilbod i Stordal. Vert dette slutt når fysioterapeuten snart vert pensjonist?

Svar: Fysioterapauten i Stordal har 40 prosent driftstilskot, og har eit ønske om å jobbe vidare framover, eit år av gangen.

Fotgjengarfelt og gjerde ved branntomt

Spørsmål: Vil kommuna merke/måle opp att kommunalt fotgjengarfelt mellom Coop Prix og Øie-bygget i Stordal sentrum?

Svar: Det skal skiftast asfalt på staden, og settast opp gangveg-skilt. Skilting er målsetting om å få opp i år, asfalt vert nok neste år. Når den er lagt vil gangfeltet verte merka opp på nytt.

Spørsmål: Det har stått avsperring av fortau framfor Postbygget sidan brannen der for meir enn 1,5 år sidan, og opp på dette fortauet er det tilgang for rullestolar frå gangfeltet over fylkesvegen frå kommunehuset. Utifrå dette meiner eg at kommuna ikkje prioriterer gåande/trafikktryggleik i Stordal sentrum.

Saken fortset etter annonsa

Svar: Dette er ei litt vanskeleg sak då det er ei branntomt som er sikra. Kommunen prøvar å kome i kontakt med huseigar og få ei avklaring.

Legekontor

Spørsmål: Når får vi lege kvar dag på Stordal legekontor?

Svar: Det blir ikkje lege ved Stordal legekontor kvar dag. Stordal legekontor er ope måndagar, tysdagar og onsdagar. Torsdagar har kontoret vore ope med hjelpepersonell, men då er legen ved Stordalstunet. Fredagar er legekontoret i Stordal stengt. Då er hjelpepersonell og lege ved kontoret i Valldal. Etter at ein av legane gjekk ut i legespesialisering i haust har vi ikkje hatt lege ved Stordal legekontor på onsdagar, men ope kontor med hjelpepersonell. Frå 29.10. vil turnuslege jobbe sjølvstendig ved kontoret på onsdagar.