Storfjordnytt
4 minutter lesetid

Ta vare på den norske fellesskulen!

Den norske grunnskulen er ein fellesskule der alle elevar som er født same året går i same klasse. Fellesskulen legg grunnlag for forståing for andre, respekt og toleranse: Det er viktige verdiar, ikkje minst i ei tid der oppsplitting og polarisering stadig vinn terreng. Også for den einskilde eleven er fellesskulen av svært stor verdi. Å lære saman med andre som kanskje har andre styrker enn dine, gir viktig fagleg og sosial læring.

Saken fortset etter annonsa

I 36 år hadde eg arbeidet mitt i skulen. Både som lærar og som rektor har eg vore med å legge til rette for at elevar som treng det, har fått ekstra merksemd, enten ved at det har vore to lærarar i klassen samtidig, eller vi har delt klassen i mindre grupper i deler av undervisninga. Skulane eg har jobba ved, har også lagt til rette for at nokre elevar har hatt deler av opplæringa si i ei verksemd,  utan at det har gått på kostnad av klassetilhøyr og fellesskap. Opplæringslova opnar for dette, også slik lova er forma no.

No vil FrP endre Opplæringslova for å gjeninnføre ei organisering av skulen som vart avskaffa på syttitalet. Ordninga vart forkasta fordi erfaringa viste at permanent nivådeling i skulen ikkje var bra for elevane, verken fagleg eller sosialt. Faktisk viste forsking at dei såkalla «teorisvake» elevane tapte mest på å gå i nivådelte grupper, og at grupper med ulike elevar var betre for alle.

FrP meiner at nivåbasert organisering i framtida bør vere hovudregelen. Partiet meiner at ein bør gruppere elevar etter kor teoretiske eller praktisk anlagt dei er. Å gruppere elevane etter teoretiske og praktiske evner, vil vere eit stort feilsteg. Elevane er ikkje enten teoretiske eller praktiske, dei er mangfaldige. Dei lærer best når dei kjenner tilhøyr med resten av årskullet og ikkje vert segregert. Ved ei eventuell borgarleg regjering vil FrP sette mykje inn på å få utdanningsministeren, for å sikre seg at denne – etter fagfolk si vurdering – uheldige skulepolitikken vert gjennomført.

Arbeiderpartiet vil at alle elevar skal kunne lære både gjennom både ei praktisk og ei teoretisk tilnærming. Samtidig vil Arbeiderpartiet også styrke skulen sitt høve til å gi tilpassa opplæring. Skulen har allereie i dag høve til å etablere eigne elevgrupper for periodar, både for dei elevane som treng ekstra utfordringar, og dei elevane som treng meir tid og tettare oppfølging for å lære. Eg synest også det er grunn for å minne om at born lærer i ulikt tempo. Plutseleg kan ein kode vere knekt, og læringa skyt fart. Korleis vil nivådelte grupper harmonere med dette?

Eg tar meg også i å lure på korleis permanent nivådelt skule skal gjennomførast i små skular. Skulle det gå, måtte vi vel sentralisere skulane? Og det finst mange kommunar i landet der elevtalet pr klasse ikkje tilseier at ein kan dele elevane i fleire permanente grupper. Ei inndeling etter skulefagleg og sosial fungering – vil også lett føre til ei uheldig stigmatisering som både kan legge hinder for læring og føre til negativ sjølvoppfatning.

Saken fortset etter annonsa

Vi bør sjølvsagt erkjenne at dagens skule har sine klare utfordringar. Derfor har Arbeiderpartiet tatt fleire viktige grep i skulepolitikken. Læraren sin autoritet er blitt styrka gjennom lovverket. Det skal satsast sterkare på leseopplæringa og på fysiske bøker. Det er både viktig og nødvendig når vi ser at leseferdigheitene har gått ned. Det er også viktig at det vert tatt viktige grep for å sette grenser for forstyrrande element som ukontrollert bruk av smarttelefonar og ein altfor for ukritisk bruk av digitale verktøy.

Ein sterk felles grunnskule er etter mitt syn det beste limet i samfunnet. Fellesskulen er med på å skape samhald og tillit, og er dermed ein viktig grunnpillar i samfunnet. 

Ei Arbeiderparti-leia regjering vil vere den sterkaste garantien for fellesskulen!