Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Til artikkelen «Aktivitet på Indreeide»

I går las eg artikkelen om stor «Aktivitet på Indreide».

Saken fortset etter annonsa

Vart litt irritert på slutten av innlegget der Katrine Blomvik seier: «Vi her inne har alltid fått høre at det ville bli for dyrt å finne løysingar på kraftmangelen, opp imot milliarden. Men no har dei likevel klart det.»

Denne løysinga som no er valt har vi kommunisert heilt klart på fleire møte i Geiranger er et alternativ. Dersom en oppgraderer 20 kV linja fra Eidsdal kan en klare å få inn 5-7 MW strøm til Geiranger. Det vil løyse kraftmangelen til husholdning, mindre industri, hotell, buss-, bil- og fritidbåtlading. Også ferjelading inntil 1 MW vil ein klare med denne løysinga.

Men det som heile tida har vore det store problemet med å dekke det totale behovet med strøm i Geiranger, er landstrøm til cruisebåtene. Kvar båt treng ålene minst 8 MW. Dei største båtane endå meir. Då er det vi snakkar om milliardkostnad. Og det har vore fokuset på dei fleste møte og artiklar om dette temaet.

Straumforsyning og nettproblematikk er kompliserte greier som kan være vanskeleg å forstå. Men ein slik skeivinformasjon som det er i nevnte artikkel om straumforsyning til Geiranger reagerer eg på.