Tre spørsmål til Fjord kommune
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Nr. 1 – Det er no berre to dagar i veka med fysiotilbod i Stordal. Vert dette slutt når fysioterapeuten snart vert pensjonist?
Vår ordførar var 19.02.2024 på Herreklubben på Stordal frivilligsentral og då noterte ho skeivfordelinga i fysioterapi mellom Valldal og Stordal, men no fryktar eg at vi i Stordal snart må reise ut av bygda for å få nødvendig fysiobehandling.
Nr. 2 – Vil kommunen merke/måle opp att kommunalt fotgjengarfelt mellom Coop Prix og Øie-bygget i Stordal sentrum?
Eg sende e-post med bilde om dette til kommunen 15.10.2024, og påminning 19.08.2025. Men eg har ikkje fått svar.
I tillegg har det stått avsperring av fortau framfor Postbygget sidan branden der for meir enn 1,5 år sidan, og opp på dette fortauet er det tilgang for rullestolar frå gangfeltet over fylkesvegen frå kommunehuset.
Utifrå dette meiner eg at kommunen ikkje prioriterer gåande/trafikktryggleik i Stordal sentrum.
Nr.3 – Når får vi lege kvar dag på Stordal legekontor?
I lang tid har det fleire dagar i veka ikkje vore lege i Stordal, men i Valldal er der fleire. Intensjonsavtalen frå kommunesamanslåinga synte at helse/lege skulle ha hovudsete i Stordal.
Leiinga i kommunen må snarast få lege til Stordal alle dagar. Det er innlysande at det er enklare/billegare å få ein lege frå Valldal til Stordal enn å presse alle pasientane i Stordal til å ta taxi/buss/køyre inn til Valldal, og i tillegg bruke fleire timar.
Helsing frå ein skuffa
stordaling,
Kristen Leganger