med Fjørå og Valldal pensjonistlag 24. april på Martin Linge-huset.
Leiar Turid Aspehjell som las vårdikt av Arne Garborg og Martin Hjelme, og Andreas Nærø frå Tafjord Festproduksjon som song og spela gitar, starta kvelden. Nokre allsongar hadde også vårlengten i seg. Programmet for kvelden vart litt annleis enn først tenkt. Arne Ruset var tinga som kåsør, men vart dessverre forhindra frå å møte. Han kjem gjerne ein annan gong.
Dei frammøtte fekk då fleire nyttige opplysningar om vervebrosjyrer som var utlagde, ballmiddag i juni som er tenkt som sommaravslutning, oppdatering om to turalternativ og resultat av spørjeundersøking om kva møteinnhald medlemene ønskte. Turalternativa var eindagstur til Nordøyane og todagarstur til Smøla. Smølatur i august fekk flest røyster.

Spørjeundersøkinga var grundig og gav mange opplysningar. Svein Vidar Normann og May Berli har arbeidd med denne.Litt av det som kom fram var nye tonar, litt var vanlege saker. Her er eit samandrag av det skrivar fekk med seg:
* Hovudtema på møte: Foredrag om aktuelle eldretema , kåseri med humor, lengd ca 30 minutt.
* Musikk: Ønskje om variasjon av aktørar som blir spurde.
* Tilleggsaktivitet som «Ord for dagen», informasjon om dagens møte, neste møte, årsplan, kommuneinformasjon, konkurranse, trim, dans, polonese var teke med, lengd 10-20 minutt.
* Møteplass og møtefrekvens: Ambulering i bygdene i kommunen, rundt i Valldal. Møte 1 gong i månaden, gjerne 2 gonger ved spesielle tilhøve.
* Møtetidspunkt og skyss: Flest røyster for ettermiddagsmøte og skyss kan ein ordne sjølv.
* Møtelengd 2,5-3 timar.
* Matpause/servering: Kake, rundstykke, varm mat av og til. Møtevertane bestemmer om dei lagar alt eller litt sjølve, om dei kjøper alt eller litt av maten. Matpause: Lengd 30-45 minutt.
* Gevinstar til åresal: Svara varierte mellom vertane, styret, medlemmer. Pris 10-20 kr, vips var ønskt.
* Turar: Både eindagstur og todagstur, samarbeide med dei to andre laga.
* Sponsing: Lokallaget gir støtte, søkje om støtte.
* Andre aktivitetar: Bowling, hesteskokasting, dans.
* Saker for styret: verving, lære om lydanlegget, planar for helseomsorg.
OBS: Mat og musikk på alle møte! Prat og trivsel!
Ønskje om open mikrofon for den som hadde lyst å seie noko!
Møtevertar var denne gongen frå Lingåsen og Sylte. Dei får eit ekstra pluss for fint pynta bord og ei herleg eplekake med is tinga frå Sylteormen bakeri!
Etter maten var det tid for kviss. Leiar hadde laga to ark som forsamlinga fekk prøve seg på. På det eine arket var det gåtekviss, det vart ekstra populært. Her fylgjer ei av gåtene med svar alternativ.
Eg veit ein ting som spring ikring. På fotå e`kj` an kring.
Eg set han ned. Han stend i ro. Han verken et enn gjer se` til god.
Han he brjost og inga bringe, tann og inga tunge, haud og ikkje hals.
*Vognhjulet * Rokken