Storfjordnytt
5 minutter lesetid

«Valets kvaler»

Nå ein lyttar på rikspolitikarane i valkampen, kan ein lett falle for freistinga til å vere einig med siste talar. Alle er flinke og velformulerte, og alle har synspunkt og saker ein kan stille seg bak. Etter slike debattar seier mange, at dei er «like vis». Dei veit ikkje kva dei vil stemme. 

Saken fortset etter annonsa

Men partia er ikkje like. Viss ein kikkar bak flosklar og fagre løfte, finn ein skilleliner. Tydelege skilleliner. Både i ideologi og i syn på enkeltsaker. Det er der eg som veljar må begynne sorteringa. Ingen av partia har alt ein ønsker. Spørsmålet er kven som har mest? Mest av det som betyr mest for meg!

Eg har sjølv sortert og vurdert. Spekulert og prioritert. Fram til no er det Senterpartiet som har vore mitt parti, utan at det betyr at eg er samd i alt partiet steller med. Samtidig veit vi alle, at det er kjøtvekta som bestemmer kva ein får gjennomslag for i stortinget

Etter ei grundig vurdering og ei hard prioritering, har eg landa på fire saksområde som betyr aller mest for meg. Sakene er: 

1. Å hegne om folkestyret 

2. Å sikre moglegheitene til å leve på bygda i heile Noreg  

3. Å ta vare på kvardagen til folk flest 

4. Å stå opp for sjølvråderetten 

Samla sett meiner eg, at Senterpartiet har større truverd i sin politikk enn andre parti, for å kunne realisere denne «4-pakken». Difor får Senterpartiet stemma mi i år og.

Å hegne om folkestyret betyr for meg mellom anna å bevare små og oversiktlege forvaltningseiningar – les kommunar – som leverer tenester nær folk, og som samtidig gjev kvar einskild borgar ei kjensle av å ha ei hand på rattet. Det handlar og om å ta igjen makta frå eit stadig større og mektigare byråkrati. 

Å sikre moglegheitene til å leve på bygda krev aktiv politisk styring av dei frie marknadskreftene som har pengar og avkastning som einaste verdimål. Landet treng ein ny distriktspolitikk, som mellom anna byggjer inn totalberedskap som ein viktig premiss og der matproduksjon og busetting i heile landet er viktige verdimål. Ein politikk som samtidig gir kommunane økonomisk handlingsrom til å levere likeverdige velferdstenester uavhengig av kvar i landet ein bur. Gode insentiv for næringsutvikling, desentralisert utdanning og fokus på samferdsel, vil og vere viktige byggesteinar i ei ny distriktssatsing. 

Å ta vare på kvardagen til folk flest handlar om alt, av stort og smått, som gjer at sårbare grupper som barnefamiliar, einslege og eldre, får endane til å møtast. Straumstøtte, senking av avgifter, gratis SFO, makspris på barnehagar og nok sjukeheimsplassar, er alle gode døme på slike tiltak. 

Saken fortset etter annonsa

Å stå opp for sjølvråderetten er etter mi meining den viktigaste saka i Senterpartiet sitt program. Fleire parti har flagga at dei vil arbeide aktivt for norsk medlemskap i EU. Det inneber at makt og mynde vert flytta frå våre folkevalde til eit overnasjonalt nivå. I praksis betyr det at mykje av folk sin kvardag vert styrt frå Brussel. Høge straumprisar som mange bokstavleg tala har følt på kroppen, er berre forbokstaven på kva vi har i vente om Noreg tek steget fullt ut og blir medlem i EU. 

Senterpartiet ser ingen god grunn for at Noreg, med alle sine rike naturressursar som olje, gass, vasskraft, fisk, mineral, skog, rekreasjonsområde mm, skal sitte med lua i handa og ta imot marsjordrar frå eit fjernt og andletslaust byråkrati i sør. Å gi frå seg styringa av viktige politikkområde som energi, landbruk og fiskeri, vil vere det største politiske mistaket i nyare norsk historie 

Kjære veljar, gjer dine eigne vurderingar og finn Din veg. Slik eg har funne Min. Så brukar vi alle stemmeretten vår. 

Godt val!