Velkommen tilbygdebrunsj på klubbhuset i Valldal
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Å møte sambygdingar, å dele eit måltid på ein haustsøndag i november, helt gratis … det kan vere noke å ta med seg. No inviterer vi små og store, gamle og unge til å kome. Eit godt måltid med mykje heimelaga mat, det meste laga av gode bygdekvinner frå eiga bygd og attpåtil heilt gratis. Kan det bli betre?
Bygdekvinnelaget er ein viktig tradisjonsberar og frivillig aktør i lokalsamfunnet vårt. Frivillig arbeid som vi gjer blir stadig viktigare for at lokalsamfunnet skal «gå rundt». Vi ønskjer å bidra på ulike arenaer og vi gjer det med glede. Det gir mykje tilbake og vi har det triveleg når vi møtest og meistrar.
Norges Bygdekvinnelag er ein møteplass for aktive kvinner. Vi bryr oss om det nære, og er opptekne av levande bygder, lokal kultur, inkludering, mattradisjonar og folkehelse. Som lokallag har vi mange ulike aktivitetar og arrangement, som Syng med oss, Kviss, Olsok, kurs, turar, kyrkjekaffi og foredrag.
Vi har Bygdekvinnekveldar om lag ein gong i månaden som er opne for alle og vi inviterer gjerne med oss nokon. Vi har godt samhald, har respekt for kvarandre og får nye vennskap. I vårt lag er det 32 medlemmar, om lag 20 av desse er aktive. Vi samarbeider gjerne med andre lag og frivilligsentralane om tiltak.
Saman er vi fleire og sterkare.
No inviterar vi deg og familien din på BYGDEBRUNSJ. Fjøringane gjer dette med stor oppslutning. Å møtest rundt matbordet er ein viktig og god arena for samhald. Vi i Valldal Bygdekvinnelag synest dette er eit særdeles flott tiltak og vil gjere det samme for våre sambygdingar. Første søndagen i november håpar vi å sjå deg på klubbhuset. Du er hjarteleg velkomen og hugs det er heilt gratis for alle.



