Verdsarv – 20 år med verdiskaping i Vestnorsk fjordlandskap
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I 2025 er det 20 år sidan Vestnorsk fjordlandskap vart innskriven på UNESCO si verdsarvliste. Verdsarvstatus forpliktar. Samstundes vil vi rette merksemda mot dei mange positive sidene ved verdsarven – og den verdiskapinga som har vakse fram i kjølvatnet av han.
I Geirangerfjordområdet har verdsarvstatusen gjennom desse 20 åra vore ein motor for utvikling, arbeidsplassar, kunnskap, stoltheit og framtidstru. Og sjølv om vi ofte har fokus lokalt, er vi ein del av ein større heilskap: Verdsarvområdet omfattar både Geirangerfjorden og Nærøyfjorden – to område som er ulike, men samstundes sterkt knytte til kvarandre og gjensidig avhengige. Så må vi òg ta inn over oss: Verdsarven er universell – gjennom denne statusen har området fått eit merkevarestempel av eineståande universell verdi!
Arbeidsplassar i små bygder betyr mykje
Eitt av dei mest konkrete resultata av verdsarvstatusen er arbeidsplassar. I dag har Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv ni heilårlege tilsette. Fem av desse bur og skattar til Fjord kommune, tre bur i Geiranger og skattar til Stranda, og éin bur i Ålesund. I tillegg er her ei stilling som verneområdeforvaltar, og tidlegare var òg SNO busett i området. I sommarhalvåret aukar talet tilsette til kring 20 – fleire av dei lokale ungdommar.
I små kommunar og bygdesamfunn er dette langt frå uvesentleg. Det handlar ikkje berre om tal på stillingar, men om kompetansearbeidsplassar som bidreg til heilårleg aktivitet, busetjing og lokal verdiskaping. Det gjer Verdsarvstiftinga i høgste grad,
Verdsarv som motor for bygdeutvikling
Dei siste åra har verdsarvstiftinga òg satsa målretta på bygdeutvikling. Eit særleg vellukka døme er co-work-prosjektet. Allereie første året tok om lag 15 co-workarar med seg arbeidet sitt til bygdene våre for ein periode. Fleire fekk eit sterkt forhold til området – og ein familie valde til slutt å busetje seg i Norddal.
I jubileumsåret 2025 har interessa vore overveldande, med kring 15 000 søkjarar. Neste år kjem ei ny pulje som får høve til å «prøvebu» i bygdene våre. Dette prosjektet treff folk. Mange ønskjer seg eit liv på bygda – men vi må leggje til rette for det. For bygdene våre treng fleire folk. Dette er ekte vinn-vinn. Då er det godt å ha Verdsarvstiftinga som er framover-lent, nytenkjande og ambisiøs, og har både vilje og ressursar til å teste ut nye modellar.
Verdsarv som moglegheit
Kjernen i verdsarvarbeidet er ivaretaking, formidling og overvaking av verdsarvverdiane. I tillegg initierer vi forsking og prosjekt som byggjer ny kunnskap – og som stimulerer til verdiskaping med utgangspunkt i verdsarven.
Verdsarvkoordinator har ei særleg viktig rolle som «vaktbikkje» for verdsarvverdiane, med plikt til å varsle dersom verdiar står i fare. Dette bør ikkje sjåast som ein trussel, men som ein tryggleik. For når ein tenkjer etter, ser dei fleste verdien av verdsarven som ein attraksjon. I ei tid der natur, klima og berekraft står høgt på dagsordenen, reiser mange nettopp for å oppleve unike natur- og kulturverdiar. Området vårt har all verda av moglegheiter til å ta ein posisjon, men i botnen ligg at vi må ta vare på det vi skal skape verdiar av.
Vestnorsk fjordlandskap er den einaste norske verdsarven som er innskriven på grunnlag av natur. Det gjev oss ei heilt særskild rolle – ikkje minst i lys av dei globale utfordringane naturen står overfor i dag. Kommunane våre har òg ei rekkje andre naturverdiar av minst nasjonal verdi; Reinheimen nasjonalpark, fleire naturreservat og særmerkte kulturlandskap kan nemnast. Vi ser at verdsarven kan bidra til å styrke og ta vare på også desse. Det handlar om heilskap og samanheng, slik det gjerne gjer i naturen.
Ansvaret for verdsarven ligg formelt hos staten, men den praktiske jobben skjer lokalt. Det ansvaret tek vi på alvor. Samstundes må det følgje med ressursar – også økonomisk – dersom vi skal vere dei nasjonale fyrtårna for beste praksis innan natur- og kulturforvalting. Slike ressursar skal vi framleis kjempe for.
Samarbeid, frivillig innsats og attraktive lokalsamfunn
Gjennom 20 år har verdsarvstiftinga arbeidd tett med frivillige, reiseliv, skular og lokalsamfunn. Vi har fått Verdsarvskulen i Eidsdal, løfta uteområdet ved Geiranger skule i samarbeid med Geiranger IL, og vist at attraktive skular gir attraktive bygder.
Naturvenleg tilrettelegging har vore eit av dei største satsingsområda. I samarbeid med frivillige lag i Stranda og Fjord har vi rydda, merkt og skilta eit omfattande stinett, og sett opp ei rekkje informasjonstavler. Svært mange kjem hit nett for å oppleve eineståande natur, og eit godt vertskap legg til rette for gode opplevingar – både for å ta vare på gjestane, men òg naturen. Vi vil òg at folk skal ferdast trygt i den ville naturen vår. At Fosseråsa i Geiranger vart autorisert som den første nasjonale turiststien i landet, er eit synleg resultat av dette arbeidet.
Formidling til nye generasjonar
Formidling er eit av dei breiaste arbeidsfelta våre. Gjennom konseptet Fjordheimen har mange born vorte kjende med Gaute Gneis, Lykle og vennene deira. I jubileumsåret turnerte musikalen frå dette universet og involverte elevar frå alle skulane i området.
Prosjektet Fjordarven i ungdomshender gav ungdomsskuleelevar høve til opphald på fjordgardar og deltaking i skjøtselsarbeid. Gjennom åra har vi gjennomført mange slike prosjekt. Kjerna er å gje den oppveksande generasjonen innsikt i verdiane dei skal forvalte ein gong i framtida – og å skape eigarskap, engasjement og stoltheit. Ungdommen er våre «Verdsarv-arvingar».
Kulturlandskap, landbruk og handverk
Ivaretaking av kulturlandskapet har vore ei kjernesak heilt sidan 2005. Gjennom tiltaksmidlar til landbruket får bønder i og rundt verdsarvområdet viktige tilskot til slått og beiting. Dette er avgjerande for å halde landskapet ope og levande, men for fleire av bøndene er det òg viktig for i det heile å ha godt nok økonomisk grunnlag for å drive. Vi må kjempe vidare for å styrke denne ordninga, for eit velstelt kulturlandskap med dyr på beite og gardar i drift er svært viktig for verdsarvområdet!
Parallelt har vi arbeidd for styrkte ordningar for restaurering av kulturminne. Gamle fjøs, stølar, ferdselsvegar og bygningar er ikkje «gammalt ræl» – dei er ein del av kulturarven vår. Med eigen restaureringshandverkar har verdsarvstiftinga vore ein viktig støttespelar for fleire titals restaureringsprosjekt i regionen.
Eit levande sentrum for verdsarven
At Norsk Fjordsenter i jubileumsåret vart autorisert som besøksenter for verdsarven for fem nye år, er svært viktig. Frå å vere eit reiselivsprosjekt med raude tal, er senteret i dag økonomisk robust, ein sentral møteplass i lokalsamfunnet og ein nøkkelaktør i utviklinga av Geiranger som heilårsdestinasjon.
Særleg stolte er vi av samarbeidet med reiselivet – og av Fjord Rangerane våre. Frå å bli møtt med smil og latter i starten, har dei hatt ei avgjerande rolle i å byggje opp eit solid vinterprodukt i Geiranger. Heilårleg reiseliv gir heilårleg busetjing, levande bygder og framtidstru.
Verdsarv gir verdi
Verdsarven bidreg til verdiskaping. I arbeidsplassar, i kunnskap, i tilhøyrsle, i attraktive bygder og i ei sterkare framtid for lokalsamfunna våre. Etter 20 år er det tydelegare enn nokon gong: Verdsarv handlar om moglegheiter!
Terese Jemtegård Moen
ordførar i Fjord kommune
styreleiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
Einar Arve Nordang
ordførar i Stranda kommune
nestleiar



