Storfjordnytt
6 minutter lesetid

Vidareføring av Stranda vidaregåande skule

Pressemelding frå ordførarane i Fjord kommune og Stranda Kommune.

Saken fortset etter annonsa

Utgangspunkt:

Stranda vgs har i dag om lag 120 elevar, fordelte på tilboda studiespesialisering, idrettsfag, helse- og oppvekstfag og naturbruk (havbruk). Desse tilboda må vidareførast ved skulen. Skulen har ei effektiv og ansvarleg drift, og samarbeider godt med lokalsamfunna.

Stranda vgs blir neppe ein svært stor skule. Men i Møre og Romsdal må det vere plass til ein distriktsskule med mellom 120-150 elevar. Dessutan satsar skulen offensivt i samarbeid med det lokale næringslivet.

Vi spør: Kva er det som blir betre for elevar, næringsliv og lokalsamfunn ved å slå saman Stranda vgs og Sykkylven vgs? Vi kan ikkje sjå at fylkesdirektøren presenterer overtydande argumentasjon. Innsparinga er dessutan lita.

Framlegg til vedtak:

Stranda vidaregåande skule blir vidareført som sjølvstendig skule basert på dagens fagtilbod.

Stranda vidaregåande skule skal ha ei rolle som ein distriktsbasert pilotskule for samarbeid skule – næringsliv/frivillig sektor med verknad frå skuleåret 2026/27.

Skulen får tildelt ein stillingsressurs på 50 pst som koordinator.

Stranda vidaregåande skule få, i samarbeid med fylkesadministrasjonen, ansvar for å dele erfaringar med andre aktuelle skular.

Bakgrunn

Stranda vidaregåande skule har eit godt og konstruktivt samarbeid med næringslivet og frivillig sektor i Stranda kommune og Fjord kommune. Men sjølvsagt er det endå meir å hente, både for skulen, næringslivet og lokalmiljøa.

Havbruk:

Vi viser i denne samanheng særleg til samarbeidet med Hofset A/S innanfor naturbruk/havbruk. Skulen har dessutan søkt om undervisningskonsesjonar for sjøaure og laks. Dersom slike konsesjonar blir innvilga, vil det gi ei løft for tilbodet, og det er sannsynleg at søknaden vil auke. I tillegg er dette eit potensiale for inntekt både for skulen og for fylket som skuleeigar.

Bedriftsmodellen:

Her trengst ein litt grundigare kommentar: Stranda vidaregåande har i lengre tid hatt dialog med fylkesadministrasjonen om å etablere ein «bedriftsmodell», som supplement til det ordinære tilbodet.

I fylkesdirektøren sitt framlegg er det foreslått å etablere Bedriftsmodellen på Stranda og Tingvoll. Fylkesdirektøren viser til innspel frå desse miljøa. Men når det gjeld Stranda, byggjer framlegget frå fylkesdirektøren på heilt andre føresetnader enn dei som ligg i søknaden frå Stranda.

Stranda vgs har heile tida lagt til grunn at oppretting av bedriftsmodellen skal vere eit supplement til dagens studietilbod. Målet har vore å etablere bedriftsmodellen innanfor fagområde skulen i dag ikkje tilbyr. Det har dessutan vore eit poeng å nå unge som er relativt lite motiverte for tradisjonell skulegang, men som ønsker å kome i gang med praktisk opplæring frå dag ein. Skulen har pågåande drøftingar med aktuelle bedrifter.

Det høver imidlertid ikkje for alle studieretningar, vi vil derfor bevare Helse og Omsorg som studietilbod ved Stranda vidaregåande skule.

Det er heilt utenkeleg at det i dagens helseinstitusjonar skal vere kapasitet til å drive nødvendig opplæring midt i ein svært pressa ressurs- og kompetansesituasjon. Framlegget verkar illusorisk, og nærast eigna til å så tvil om modellen.

Evalueringa av «Steigenmodellen», som liknar på den planlagde Bedriftsmodellen ved Stranda vgs, viser også at modellen er mest populær blant gutar. Dette handlar nok også om at somme fagområde er betre eigna enn andre for denne type opplæring.

Saken fortset etter annonsa

Konklusjonen må vere at Stranda vidaregåande arbeider vidare med å utvikle bedriftsmodellen slik som planlagt, og i samarbeid med lokalt næringsliv.

Verdsarven

Stranda vgs har satsa på internasjonalt samarbeid og er ein ERASMUS+ skule med eiga akkreditering. I tillegg er skulen i dialog med Norsk Fjordsenter i Geiranger om å kople «verdsarvkunnskap» tettare til undervisninga i relevante fag. Både historie, samfunnskunnskap, naturfag og språkfag er aktuelle i denne samanheng.

Kompetansesenter for næringslivet

Distriktet har eit variert og offensivt næringsliv. Behovet for arbeidskraft og oppdatert kompetanse er stort. Dette gjeld også for offentleg sektor. Fleire bedrifter melder om aukande behov for etter- og vidareutdanning, mellom anna for språkkompetanse(reiselivet) og for fagbrev på fleire område. Skulen er i dialog med næringslivet med tanke på å dekke aktuelle opplæringsbehov

Frivillig sektor

Det er no fleire skular som tilbyr idrett i fagtilbodet sitt. Men ingen av skulane i Møre og Romsdal har slik tilgang på gode og stabile forhold som Strandafjellet kan tilby, særleg innan alpine skiidrettar. I samarbeid med «Strandafjellet» arbeider skulen med å utvikle og forsterke dette tilbodet. Forholda for varierte friluftsaktivitetar kan knapt bli betre.

Konklusjon: Forholda ligg svært godt til rette for at Stranda vidaregåande skule skal halde fram som sjølvstendig skule, og med oppgåve som pilotskule for samarbeid skule-næringsliv/frivillig sektor.

Terese Jemtegård Moen,
ordførar Fjord Kommune

Einar Arve Nordang,
ordførar Stranda Kommune