Vigsling i Rosekyrkja

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Vi har visst det i over eitt år no. Kva har vi visst? Ja, at Kristin Lundemo Overøye skulle gifte seg med Thomas Øygard i Rosekyrkja i år.
Så kom dagen, 5. juli 2025. Regnvêret tok ein pause, sola skein, og temperaturen var akkurat slik det passar seg når festkledde, mange med bunad, møtte opp til bryllaupsfest. Regn i brudekrona gir velstand og lykke heiter det etter gammalt. Kristin var verkeleg kronebrud, men eg trur at korkje ho eller andre sakna regnet. Ho vart inspirert til å bruke krone då ho såg bilde av tippoldemora si som brukte krone då ho gifte seg. Krona som Kristin brukte, er ein kopi av gamle brudekroner frå Sunnmøre og utlånt av Husfliden i Ålesund.

Ann Kristin Langeland stod for den kyrkjelege handlinga, og talen til brudeparet inneheldt både alvor og humor. Som vente kan vere, var det mykje song og musikk i kyrkja. Faren til bruda, Odd Johan Overøye, brukte det gamle harmoniet som er å finne i Løsetstova. Fiolinistane Kjell Gunnar Overøye og Alma Sofie Handegard Overøye byttest om å spele til songar og prosesjonar. Mora til bruda, Randi Lundemo, har vore og er kordirigent for ymse kor. Ho hadde sett saman eit kor av familie og venner. Dei song frå midtgangen i kyrkja. Kristin har vore guide i Rosekyrkja fleire somrar. Både då og ofte elles når ho har vore i Stordal, har ho budd hos besta og besten. Besta og besten er Marna og Olaus Overøye, og dei bur berre ca 100 meter frå Rosekyrkja.
I tida etter at Kristin var guide i Rosekyrkja, har ho teke utdanning i drama og teater. Mellom anna har ho studert ved Rose Bruford College, United Kingdom. For tida er Kristin skodespelar og dramalærar med Trondheim som base.
Thomas voks opp i Førde i Sunnfjord. Mora hans kom frå Sogndal, og Thomas har då røter frå det som no heiter Vestland fylke. Han utdanna seg som førskulelærar og har bachelor frå Høgskulen i Sogndal. No er han pedagogisk leiar i Berg barnehage i Trondheim. På eitt eller anna vis vart Kristin og Thomas kjende med kvarandre der for om lag fire år sidan.