Naustrekka har blitt eit vakkert kulturminne

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Naustrekka i Ytterdal i Eidsdal har gjennomgått ei imponerande forvandling, det slår Møre og Romsdal fylkeskommune fast i ei pressemelding.
Mellom 2020 og 2025 har eigarane, organisert i eit naustlag, arbeidd målretta for å redde og sette i stand dei historiske nausta. Arbeidet er utført av tradisjonshandverkarane Byggtrad AS ved Kåre Løvoll og Finn Thomas-Cooney, og har følgt antikvariske prinsipp med respekt for originalt materiale og byggeskikk.
Det er berre skifta materiale der det har vore heilt nødvendig på grunn av ròteskadar. Det er spunsa inn nytt trevirke av same sort der det har vore nødvendig. Dei nausta som opphaveleg hadde torvtak, har fått tilbake dette. På facebooksida til naustlaget er det mogleg å sjå den fantastiske reisa som nausta har vore gjennom.
Nausta har motteke tilskot frå Kulturminnefondet, Norsk Kulturarv – ta et tak, og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Møre og Romsdal fylkeskommune har støtta istandsettinga av naustrekkja gjennom ordninga Prosjektstøtte til kulturmiljø og friluftsliv – Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkeskommunen bidrog også med støtte til takstarbeidet i oppstarten av prosjektet.
Tilskot frå fylkeskommunen har vore som følger:
- 2024: Årsetnaustet – 90.000 kr
- 2023: Larsgardnaustet – 110.000 kr
- 2023: Eide/Indreeide naustet – 100.000 kr
- 2022: Toregardsnaustet – 100.000 kr
- 2022: Andersnaustet – 100.000 kr