Dyster statistikk
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Stortingsvalet nærmar seg med stormskritt. Og det er både papiravisa og nettavisa prega av. Eitt tema som mange i vårt område er opptekne av, er rovvilt. Eller rettare, jerv. Det fekk gjestane frå Senterpartiet som var på besøk før helga merke, og det er fleire lesarinnlegg både på nett og papir.
Så er det ein dyster statistikk knytt til vegane våre. Statistikken viser at sju motorsyklistar har omkome i trafikkulykker her i landet så langt i år. Det er det høgaste talet på ti år, og enno er ikkje verken motorsykkelsesongen eller 2025 ferdig… Det er ikkje lenge sidan ei av desse ulykkene med tragisk utfall fann stad i vårt område, ved Indreeide. Og denne veka var det nok ei motorsykkelulykke i Eidsdal, denne gongen ved Storsvingen. Så langt vi veit, var ikkje dette ei dødsulykke. Heldigvis.
Men når ein ser på køyringa frå enkelte, så er det sanneleg ikkje rart at det endar i ulykke. Berre minutt før meldinga om ulykka ved Storsvingen tikka inn, var det nokre motorsyklar på tur forbi huset mitt, på veg framover. For å seie det slik, farten dei hadde forbi meg, var langt høgare enn fartsgrensa på 60 km/t. Og svingar vart kutta meir enn eg hadde tord å gjere, på ein stad utan særleg sikt. «Dette må gå gale,» tenkte eg då dei passerte. Det var truleg ingen av desse som hadde køyrt ut, men dei kunne godt ha gjort det, ut frå køyringa dei viste på veg forbi meg. Og joda, det er slike fartsfantom på fire hjul også, og det er ulykker med dei også. Ein er berre så mykje meir sårbar på ein motorsykkel enn i ein bil…
Kan vi prøve å ta omsyn til kvarandre i trafikken? Vi treng ikkje bidra til å gjere ein dyster statistikk endå dystrare!