Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Få førsteklassingar i Fjord kommune

Måndag denne veka var spente seksåringar klare for å starte på eit nytt kapittel i livet: dei byrja på skulen! Det er noko dei fleste av dei har gledd seg til – og kanskje grudd seg litt til og. For det er ei stor omveltning å gå frå barnehage til skule. Vi i redaksjonen håpar dei får fine år på skulane våre.

Saken fortset etter annonsa

Storfjordnytt gjorde i år, som alle andre år: vi tok oss ein runde på skulane i området vårt for å ta bilete av dei unge håpefulle. Men dei er ikkje mange. Tre ved Eidsdal skule, fire ved Valldal skule og sju ved Stordal skule blir til saman 14 førsteklassingar i heile Fjord kommune. Ein skal ikkje bla seg mange årgangane attende i Storfjordnytt før ein ser at dette var ein heilt normal kullstorleik, både i Stordal og Valldal. For ikkje å snakke om Geiranger skule, der var det ingen førsteklassingar no. Det er endå meir leit.

Saken fortset etter annonsa

Men det er aldeles ikkje heilsvart. Folk får barn, vi skulle berre så gjerne hatt endå fleire unge vaksne som kunne bidra med «produksjon» av  endå fleire barn. Viss ikkje, står skulestrukturen i Fjord kommune i fare. For held desse små barnekulla fram, er det ikkje berre Eidsdal skule som står i fare for å miste ungdomstrinnet sitt, også Stordal skule vil kome dit. Skal vi halde frem med det i har, må vi ha fleire tilflyttarar til bygdene våre, og helst tilflyttarar i passande alder til å lage barn. Mange barn. Synd ikkje alle storkane som var på besøk i området førre veke hadde med seg kvar sin baby…