Har du bestemt deg?
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det nærmar seg dagen for stortingsvalet, måndag 8. september er den store dagen. For dei som allereie no veit kva dei skal stemme på, så er er det høve til å gjere det no og vere ferdig med det, for adgangen til å førehandsstemme opna denne veka.
Er du derimot ikkje sikker på kven som skal få stemma di denne gongen, er det fleire valomatar tilgjengelege på nett, her kan ein få ein viss peikepinn på kven ein er mest samd med i ulike saker. Særleg for dei som skal stemme for aller første gong, er desse valomatane fine, men det går an for oss andre å bruke dei og. Kan hende vert du overraska over resultatet, om det er slik at du «alltid» har stemt på eitt bestemt parti…
Uansett kva parti vi held mest med, er det viktig at vi brukar stemmeretten vår. Eg vil gå så langt som å seie at det å stemme ved val ikkje berre er ein rett vi har, men ein plikt. Det er på denne måten vi held demokratiet levande. Og særleg i desse tider der demokratiet er under press, også her i landet, så må vi ikkje falle for freistinga å ta det for gitt. Gjer vi det, kan vegen vere kort til noko heilt anna – og det vil truleg dei aller færraste av oss.
Så: bruk tida som er att til valdagen til å orientere deg om dei ulike partia, gjer deg opp ei meining om kven du likar best – og bruk stemmeretten din!