Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Jerveproblematikken rullar vidare

Jerven er blitt noko nær ein føljetong her i Storfjordnytt. Det er ikkje få møte vi har vore på opp gjennom åra med jerv som tema. Svært lite, om noko, har kome ut av alle desse møta, sjølv om beitenæringa i årevis har sagt at tilhøva for næringa er ulevelege.

Saken fortset etter annonsa

Dei siste åra, og spesielt i fjor, var tapstala for enkelte av bøndene i Valldal og Eidsdal store. Ikkje berre store, men gigantiske. Når kring 60 prosent av dyra som vert sleppte på beite ikkje kjem heim att, så er det, for å seie det forsiktig, alvorleg.

Saken fortset etter annonsa

Gjennom Eidsdal og Valldal er det fylkesveg 63 som er «delelinja». Aust for vegen er det rovviltprioritert område, vest for vegen er det beitedyra som har prioritet. Problemet er berre at jerven bryr seg fint lite om kvar han kan og ikkje kan vere. Det blir litt som ein viss ubåtkaptein ein viss sketsj ein gong i tida så treffande sa det: «man kan ikke se den grense under vann»… Det er slik med jerven også, han går der han på ein enkel og grei måte finn mat. Om han er aust eller vest for fylkesvegen, spelar inga rolle for han, jerven veit ikkje om denne inndelinga. Dermed må det gjerast noko med områdeinndelinga. I tillegg må styresmaktene sørge for å på effektivt vis regulere bestanden slik at ein kjem ned på bestandsmålet som er sett. Viss ikkje, er det å frykte at det vert få beitedyr att i bygdene våre. Og mister vi beitenæringa, risikerer at folk flyttar herifrå. For slik det har vore, slik kan det rett og slett ikkje halde fram å vere.