17. mai nærmar seg. Bunadar skal prøvast, bunadskjorter skal strykast – og enkelte er i innspurten med å sy sin eigen bunad. Og det attpåtil ein ung mann. Det er så kjekt å få tips om slike, som driv med ting som er ganske så atypiske for unge menn.
Nokre av oss, som hadde planlagt bruk av bunad på 17. mai, har måtta finne andre løysingar. Eg har tre bunadar hengande i skåpa heime. Den eine er min eigen, den eg fekk til konfirmasjonen. Men den har ikkje passa på mange, mange år. No er det nok på tide å få den lagt ut! Så har eg mamma sin bunad, men den var sydd endå smalare enn min, så den var ikkje vits i å sjå på i det heile. Den som har redda meg når eg har hatt behov for bunad dei seinare åra, det er bestemor sin. Men heller ikkje den er eit alternativ i år. Den hadde «krympa» den også…
For det er noko med desse små «dyra» som bur i kleskåpa til mange av oss. I alle fall bur dei i mitt. Dei et seg gjennom kleda, enten det no er bunadar eller anna – slik at når ein for ein gongs skuld har behov for å sjå ut som folk i klesvegen, så har ein ingenting å ha på seg. Ingenting. Redninga vart vår lokale klesbutikk! Kva desse små kleskrympande dyra heiter, spør du? Kaloriar, er svaret på det. Og så er det jo eigentleg ikkje små dyr, det er berre så innmari greitt å ha noko å skulde på når kaloriinntaket i lengre tid har vore langt høgare enn det burde vere. Dermed: 18. mai vert det å starte «eit nytt og betre liv». Trur eg.