Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Så er ferien over

Lesarane våre har nok oppdaga at vi i redaksjonen har hatt sommarferie, for feriefri for dei tilsette betyr også feriefri for papiravisa. No er ferien over, og vi er attende på jobb.

Saken fortset etter annonsa

Men – det har vore litt av kvart som har skjedd i løpet av dei fire vekene vi har vore «ute av drift», og det er denne første avisa etter ferien sterkt prega av. Her finn de litt av noko av alt det som har gått føre seg i området vårt i løpet av sommarferien. Og som de ser av bileta, det var finevêr stort sett heile tida.

For det har vore ein aldeles fabelaktig juli vi har hatt! For ein slik ein som underteikna, som syter over snø og kulde heile vinteren, har det vore nesten som eit under å få skyfri himmel og god varme i så godt som heile ferien. Eg har storkosa meg, men ikkje alle har hatt det like greitt. Som dei firbeinte. For dei – og i alle fall dei eg bur i lag med – har det vore i overkant varmt. 

Gjennom gjennom nyheitene har vi høyrt om både sjukehus og sjukeheimar der mangel på aircondition i fleire tilfelle har gått på helsa laus både for tilsette og pasientar. Det er slett ikkje greitt! Men for dei fleste andre som har vore så heldige å ha fri under finevêrsperioden, har det berre vore herleg. 

Saken fortset etter annonsa

No er vi i redaksjonen attende på jobb, med fullada batteri og klare for å gyve laus på alt som hausten har å by på av store og små saker og hendingar.