Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Så har veljarane sagt sitt

Stortingsvalet er unnagjort, og reaksjonane dei par siste dagane viser at mange er glade – og så er der nokre som ikkje er fullt så glade. Slik vil det alltid vere. Men det er på sin plass å gratulere dei som greidde å jobbe seg over sperregrensa – og sjølvsagt Framstegspartiet og Arbeidarpartiet med ein godt gjennomført valkamp og eit godt resultat.

Saken fortset etter annonsa

Eg må innrømme at då eg såg resultatet, var min første tanke at dette vert dyrt. Og den tanken berre styrka seg då eg såg kravlista til dei fire partia som utgjør det parlamentariske grunnlaget til Arbeidarpartiet. Her er det flusst av krav og ønske som blir dyre om dei skal gjennomførast. Så skal dette sjølvsagt forhandlast om, men tuttifrutti-gjengen, som dei er blitt døypte desse fem partia, dei skal mellom anna kome fram til eit budsjett i lag. I tillegg skal dei samarbeide frå sak til sak elles – vel å merke om dei ikkje blir samde om ein meir forpliktande samarbeidsavtale då. 

Saken fortset etter annonsa

Eg misunner slett ikkje statsministeren den jobben, her er det staur som sprikar i fleire retningar. Det var Per Borten som i mars i 1971, då koalisjonsregjeringa han leia gjekk av som omtala jobben som statsminister slik: «Jeg vet ikke om det er ubeskjedent, men kanskje min oppgave mer kan sammenlignes med det å bære staur. Alle som har prøvd det, vet at man kan få vanskeligheter underveis hvis stauren begynner å sprike oppe på skuldra.» Det kan fort bli slik for noverande statsminister også. Tuttifrutti er godt på is, så vil det vise seg om det smakar like godt i budsjettsamanheng. Eg trur ikkje det.