Trollstigen opnar 11. juli

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Etter fleire månader med omfattande skredsikringsarbeid er det no klart for opning. Trollstigen opnar 11. juli 2025 kl. 10.00, det melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Arbeidet har vore krevjande, men nødvendig, etter at vegen vart stengt i fjor sommar grunna gjentatte steinsprang og stor skredfare.
– Det har vore ein utfordrande jobb i bratt og krevjande terreng, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Strakstiltak i Kjelstadlinja
Skredsikringsarbeidet har vore konsentrert i fjellsida kalla Kjelstadlinja, der det er gjennomført skredsikringstiltak mellom anna med støtte frå statlege midlar. Arbeidet starta med rehabilitering av avskjæringsgrøft over fjellsida, utført av Veidekke med lokale underentreprenørar.
I september i fjor inngjekk fylkeskommunen kontrakt med Risa AS, som har stått for fjellsikring via tau, utbetring av sikringsnett og vasspyling frå helikopter.
– Dei har jobba seg nedover fjellsida ved hjelp av fjellsikrarar i klatretau, fortel Langlo.
No er arbeidet til Risa avslutta, og Veidekke er tilbake for å gjennomføre opprydding og reparasjonsarbeid før vegen kan opnast for trafikk.
Vegen opnar – men fleire tiltak må gjerast
Dei planlagde strakstiltaka er no gjennomført, og det pågår klargjering av vegbana. Det vil framleis vere risiko for steinsprang.
– Strakstiltaka reduserer risikoen i det mest utsette partiet, men det er ikkje ei varig løysing, understrekar Langlo.
Det er etablert rutinar for stenging på kort varsel, og det vil bli gjennomført dagleg inspeksjonskøyring og trafikkdirigering i høgsesongen.
Jobbar med varig sikring
Parallelt med strakstiltaka har fylkeskommunen starta eit forprosjekt for varig sikring og utbetring av Trollstigen. Fylkestinget vedtok i 2025 å finansiere dette gjennom eit bompengeprosjekt, som no er under utgreiing.
Alle bompengeprosjekt må godkjennast av Stortinget. Medrekna lokalpolitisk behandling og proposisjon til Stortinget, er det venta at eit eventuelt bompengeprosjekt kan vere på plass tidlegast i 2027.
Ein million besøkande
Trollstigen er ein av dei mest besøkte turistvegane i landet, med om lag 1 million besøkande kvar sesong. Etter opninga 11. juli kan både norske og utanlandske turistar igjen oppleve dei spektakulære hårnålssvingane og det dramatiske fjellandskapet.