Trollstigen og Geiranger-Langvatn er framleis stengde

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Både Trollstigen og Geiranger-Langvatn stengde søndag 21. september – på grunn av elendige vêrmeldingar for kvelden og delar av måndagen. Geiranger-Langvatn stengde allereie klokka 15 søndag ettermiddag, medan Trollstigen vart stengt klokka 18 søndag kveld.
For Trollstigen sin del vil det bli gjort ei vurdering tysdag 23. september klokka 9, medan på strekninga Geiranger-Langvatn vil forholda bli vurderte klokka 20 måndag kveld.
Varsom.no har sendt ut farevarsel for mykje regn, flaum og skred som gjeld fra søndag ettermiddag, og fram til måndag ettermiddag/kveld. Særleg er Møre og Romsdal utsett, i tillegg til delar av Nordfjord. I tillegg er det sendt ut farevarsel om snø på enkelte fjellovergangar i Sør-Norge – og Strynefjellet er ein av fjellovergangane som er mest utsett.