Storfjordnytt
3 minutter lesetid

Ønskjer innspel frå innbyggjarane

Det pågår eit arbeid med å gjere ei tolegrenseanalyse som skal munne ut i ein besøksstrategi for Fjord og Stranda kommunar.

Saken fortset etter annonsa

Ordførar Terese Jemtegård Moen fortel at det i løpet av dagen i dag (onsdag) vert publisert ei digital undersøking som innbyggjarar og andre med tilknyting til kommunane Fjord og Stranda vert oppmoda om å svare på.

– Her ønskjer vi mellom anna konkrete tilbakemeldingar og synspunkt på kvar tolegrensa for besøkjande er nådd, seier ho og legg til at undersøkinga vil vere tilgjengeleg på heimesida til kommunane dei neste fire vekene.

Ønskjer eit berekraftig reiseliv 

I løpet av 2025 skal Stranda kommune og Fjord kommune gjennomføre ei omfattande tolegrenseanalyse som vil kunne vere grunnlag for å utvikle ein besøksstrategi som skal bidra til ei berekraftig utvikling av reiselivet i regionen.

Prosjektet skal kartleggje kor stor belastning lokalsamfunn, natur og infrastruktur toler, og samtidig som ein skal sjå på kva marknadssegment som er mest relevante og føremålstenlege for framtidig turisme. Arbeidet vil danne grunnlaget for prioritering av målgrupper og utvikling av tiltak som tek vare på både natur, lokalbefolkning og næringsliv.

Arbeidet vert gjennomført av 2469 Reiselivsutvikling, ei bedrift som har lang erfaring med slikt arbeid. Prosjektansvarlege er Børre Berglund og Trond Amland. 

Medverknad 

Prosjektet følgjer ein strukturert tidsplan med datainnsamling, analysar, innspelsmøte, innbyggjarundersøking, intervju og synfaringar gjennom våren og sommaren 2025. Resultata skal danne grunnlaget for utvikling av strategiske mål og tiltak, som blir drøfta og vidareutvikla i arbeidsmøte. Som del av medverknadsprosessen var det i mai invitert til to folkemøte, eitt i Valldal og eitt i Geiranger.

Her fekk innbyggjarar, næringsliv og andre høve til å kome med innspel og diskutere framtidas reiseliv i kommunen. Trond Amland frå 24269 Reiselivsutvikling var med på begge møta og noterte ned alle dei ulike innspela som kom frå dei som møtte opp. 

Saken fortset etter annonsa

Innbyggjarundersøking

Då vi gjerne vil ha med så mange innspel som mogleg, vil det også bli sendt ut ein digital innbyggjarundersøking der alle som har tilknyting til kommunane blir oppmoda om å kome med tilbakemelding og synspunkt. 

Innan oktober 2025 skal prosjektet ende opp i konkrete leveransar, med mål om å utarbeide ein heilskapleg strategi som sikrar gode besøksopplevingar – og som samtidig tek vare på lokalsamfunn og naturressursar.

– Vi ønsker så mange innspel som råd, avsluttar ordføraren.