Mefjellet opp – NM motbakkeløp 2025

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
For andre gong inviterer Valldal IL til noregsmeisterskap i motbakkeløp lagt til Mefjellet opp. Sist det var NM i bakkane opp til Mefjellet var i 2019 med i underkant av 400 deltakarar fordelt på ulike klasser. Valldal IL syntest det vart så velIykka, med gode tilbakemeldingar, at det vart søkt på nytt og altså på nytt tildelt av Norges Friidrettsforbund.
I år går løpet laurdag 19. juli med start nede ved fjorden i Fjørå i Fjord kommune, om lag 4 kilometer frå Valldal sentrum. Etter knappe 7 kilometer og 1100 høgdemeter på asfalt, skogsti, seterveg med grus og gras og siste del i fint fjellterreng, står ein på toppen av Mefjellet med eit flott utsyn mot fjell og fjord.
Mefjellet opp inngår i Møre og Romsdal friidrettskrets sin fjell- og motbakkecup for junior og også Norges friidrettsforbund sin Norgescup motbakke. I tillegg er dette siste uttaksløp for VM i motbakkeløp som går i Spania seinare i sommar.
I 2019 vart det sett løyperekordar i Mefjellet opp både i herre- og dameklassa. Killian Jornet frå Spania/Måndalen sprang på tida 40,52, medan Johanna Åstrøm frå Sverige brukte 50,49. Begge desse tidene har stått sidan og særleg tida i herreklassa verkar nærast uslåeleg.
Om desse to toppløparane kjem tilbake i år er førebels uklart, men det er forventa at dei beste motbakkeløparene i Noreg stiller til start – og dei beste i Noreg er også mellom dei beste i Europa.
Løpet er ikkje berre for veltrena konkurranseløparar som kjempar for gode tider og medaljar. Det er også mosjonsklasse der ein tek distansen tilpassa eiga form og eige tempo. I denne klassa kan ein delta med full distanse, det vil seie start ved fjorden, eller alternativ start frå Hauge opp i Fjørå-bygda. Då vert distansen 3,7 kilometer og sjølvsagt også færre høgdemeter.
Dette er eit godt alternativ for å delta i Mefjellet opp, delta side om side med eliten, få ein god trimtur i flott natur og sikre seg den unike NM – Mefjellet opp-medaljen på toppen.
Arrangøren forventar eit deltakartal på om lag 300 i årets løp sjølv om dette er vanskeleg å vite før på løpsdagen, då mosjonsklassa melder seg på ved start. For dei andre klassene er det førehandspåmelding.
Dette er noko det er vel verd å få med seg, det er idrett på svært høgt nivå. Alle kan vere med som deltakarar i mosjonsklassa. Dersom ein startar i god før konkurranseklassa startar, vil det vere muleg å følgje løparane det siste stykket opp mot toppen og målpassering.
Valldal IL ser fram til ein spennande laurdag i bakkane mot Mefjellet.