Storfjordnytt
3 minutter lesetid

2 slåttar vart 30 år!

Ferdafolk med 30 års jubileumskonsert til helga.

Saken fortset etter annonsa

Då Knut Ivar Bøe på bakgrunn av CD-en «Ferdamann» (1994) vart hyra til Olsokfestivalen i Valldal 1995, kom det ynskje om å spele eit par slåttar saman med den lokale felespelaren Ingunn Linge Valdal; nyst heimkomen frå utdanning i Rauland.

Det vart straks klart at instrumenta kledde kvarandre svært godt; og med skuffer og skap fulle av gamalt slåttestoff som låg klar og venta på å verte «oppdaga», var programmet plutseleg blitt ein halv time…

Då ein internasjonal trekkspelfestival i Chatres (Normandie) i Frankrike melde interesse eit halvår seinare, vart duoen formalisert, og resten av vinteren brukt til å gjere «storfjordmusikken» i stand for dei store verdsscener.

For Knut Ivar, som for lengst var etablert på plater, radio og TV, arbeid på Teatret Vårt osv., vart arbeidet med å leike fram arrangement til desse feleslåttane likevel noko nytt og spanande; frekke harmoniar og (u)rytmiske innspark bles liv i nedstøva sunnmørsslåttar.

Ferdafolk fekk med sine leikne og humørfylte krumspring ein pangstart; –direktesending frå dansk folk-festival, så Normandie, og seinare turnéar i Danmark same sommar.

Hausten 1996 gjennomførte dei ein kyrkjekonsert-turné langs Storfjorden, og musikken var endeleg komen «heim».

Repertoaret fekk også svenske og shetlandske innslag, pga kontakter KI hadde frå førre plate. Soleis hadde CD-en «Ferdafolk» (1997) plateslepp på Shetland, og fekk ros i utanlandsk presse og hyppig radiospeling.

Andre innspelingar er gjort på Færøyane (2002), nokre spor på «Syngjaren-Folkemusikk frå Møre og Romsdal» (2016), og med koret «Charity» (2017).

Tydelegvis trefte heimlege tonar ein global grunntone; no vart halve verda arbeidsfelt; -frå Shetland, til Finland og Færøyane, representert Noreg ved EBU-festivalar i Hellas (1998) og Ungarn (2001), med direktesend TV til heile Europa; samstundes med ei mengd turnéar for Rikskonsertane, samt hundrevis av hotell/event/næringslivsjobbar i heimfylket.

FF sin rocka versjon av Jens Synnes’ «Synneshallingen» vart ein «hit», og ofte framført saman med dei fremste brass-banda på vestlandet.

Ofte vart ny folkemusikk spesialskriven; som til Cutty Sark (Tall Ships Race i Ålesund), Kyrkjehola Kulturbeite i Stordal, eller t.d. «Trollkyrkjegarden» til Molde Brass og «Jørund Smed» til Ørskog Brass.

Saken fortset etter annonsa

FF har siste åra samarbeidd nært med komponist Odd Johan Overøye og Ålesund Kammerkor gjennom «Songen langs fjorden»; seinast med konsertar i «Bergstadens Zir» (Røros) og Vor Frue Kirke (Trondheim, 2025)

I august same år, framførte FF saman med Skodje Kyrkjekor, Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen og musikarar ein omskriven og bejubla versjon av «Vindens hjul», (Henning Sommerros folkemusikkmesse) under Fjord Cadenza i Skodje.

Ferdafolk innleiar jubileumsåret med konsert på Ålesund Folk Festival fredag 20. mars!