Storfjordnytt
10 minutter lesetid

Birkebeinarar – eit 25-årsminne

Vi sit på bussen der hjula syng mot vårleg asfalt. Vi drikk tett, men stemninga stig ikkje.

Saken fortset etter annonsa

Flokken er lågmælt. Somme et grovbrød, havrekjeks eller knekkebrød med brunost. Dette er ein målbevisst gjeng som kan alt om væskebalanse og rett næring. 

Dei fleste har gjort det før. Veit kva dei har i vente. Eg er uvitande og avslappa, fri for høge mål og sovnar til songen frå asfalten.

I draume ser eg  ein lurvete flokk menn som hastar nordover. Dei er på flukt frå baglarane, kyrkja sine menn. Med seg har dei eit lite gutebarn, eit kongsemne med namnet Håkon. Dei er på veg til Nidaros, der gutebarnet kan vere trygg. Ved nordenden av Mjøsa svingar flokken mot aust. Det er for vågalt å legge leia gjennom dalen hans Gudbrand. Kvelden har sige på, og mennene er slitne. To av dei tek inn i ei lita bortgøymd stove oppe i skogkanten. Gutebarnet treng mat og varme. Dei dårleg kledde mennene treng søvn og kvile. Her er dei framleis trygge.

Etter eit godt måltid på Kvam, nærmar også vi oss Mjøsa. Vi svingar opp i OL-byen og stoppar utafor eit stort bygg, Håkonshallen. Ja, nettopp Håkonshallen. Dataterminalen ordnar opp. Vi seier nummer og namn og får utdelt det vi treng. Hallen er ein yrande butikk. Birkebeinarar i alle utgåver får tilbod om det meste, frå vindtruser til velforma birkebeinarsekkar, alt sjølvsagt til birkebeinarpris.

Vel i bussen igjen tenkjer eg meir på opphavet til denne folkeferda på ski over fjellet.

Korleis førebudde dei to birkebeinarane seg på å skulle bere vesle Håkon over fjellet? Dei møtte ingen Håkonshall, men ei mørk lita stove i skogkanten.Kva åt dei denne kvelden? Tenkte dei på væskebalansen? Og kva med skiutstyret?

Eg ser dei for meg ligge i dei korte sengene med sverd og øks like ved. Ein kunne aldri vite. Det vesle gutebarnet sov med raude kinn etter ein kald dag. Varm drikke hadde gjort godt. Rundt den opne elden hang våte klede til tørk. Natta måtte bli kort. Morgondagen vart lang og tung.

På Rena tek vi inn på samfunnshuset. Vi finn oss sengeplass på golvet. Vi et godt, kjøper  sunn drikke og går laus på skistell i ein stor kjellar. Heile tida går praten om ver og føre. Blir det voks eller klister? Vi skuler litt på kvarandre. Her er vel alltids ein luring eller to? Er det ikkje sjølvaste Arild Monsen som står der borte? Vi legg godt med grunnvoks. Så kjem ein kar inn og kan fortelje at ute har det teke til å småregne. Stemninga blir dyster. Regn i låglandet og snø oppe i fjellet. Det blir klabb og kaos. Vi leitar fram klisterskia og gjer også dei klare. 

Vel nede i soveposen sig stillheita ut over landskapet. Lyset blir dempa, alle vil sove. Men dei fleste blir nok liggande vakne ei stund. Regnar det meir, eller har det klårna opp og frose på? Bak meg har to spreke damer frå Stordal reira seg. Eg enser dei ikkje. Prøver å leike psykolog. Pustar djupt og roleg, slappar av og sovnar.
Morgonen kjem fort. Klokka er knapt fem. Eg blir liggande i soveposen og halvsove.

Oppe i skogkanten ved Mjøsa har mennene fått eld på åren. Kleda er  halvtørre. Vesle Håkon har vore uroleg. Har fått hoste. Småguten får varmt å drikke. Mennene et utan å veksle mange ord. Dei likar ikkje veret. Eit tungt drag frå aust fortel kva dei har i vente. Men over fjellet må dei. Vesle Håkon kjem på plass på bringa til ein av mennene i ly bak skjold og klede. I høgre handa ber mannen ei øks.  Snart er dei som mørke skuggar i skogbrynet, før dei blir heilt borte.

På Rena blir vi bydd varm kaffi og havregraut. Vi et dugeleg. Seier ikkje stort, kjenner ei rar kribling i ryggenden. Spenning. Ute lovar ein bleik vårhimmel ein fin dag. Snøen er frosen og hard. Vi smyg inn i fargerike dressar, får på skisko og pakkar sekkane. Ikkje for tunge, ikkje for lette. Dei rette tinga må vere med: Vindbluse, ullskjorte, ekstra hanskar og drikke, banan og fotoapparat.

Ein time før start er vi framme i startområdet. Og vi er ikkje åleine. Løparar spring til og frå, prøver ski, legg på meir feste, ny prøvetur. Det er fire grader minus, og i aust er sola i ferd med å klatre over åskanten. Med andre ord, fine forhold. 

Det blir lita tid til oppvarming. Blir vel varme etter kvart. Startskotet går, og vel nihundre godt tilårskomne skientusiastar høgg stavane i snøen og er i gang.

To velvaksne menn slit seg oppover mot Sjusjøen. Det har auka på med laussnø, og her møter snøfokket dei for alvor. Hår og skjegg er kvitt av snø og is. Karane pustar tungt. Vesle Håkon er uroleg. Meir klede har dei ikkje, lite og inkje med mat. Snu kan dei ikkje. Vil det vesle kongsemnet klare seg?

Den store flokken av halvgalne femtiåringar glir som ei stor elv gjennom det skogkledde landskapet. Berre det at straumen går oppover. Birkebeinarrennet har tretti-tre kilometer med stigning.  Dette er dei første. Roleg, seier eg til meg sjølv, det er langt igjen. Finn rytmen, hugs fråsparket, nytt ut gliden, finn deg ein rygg å gå bak. Det siste var enkelt. Mange ryggar kom og for. Fem-seks godt preparerte spor, og folk som heia ein fram. Og stod med mat og drikke til sine eigne.

Matstasjonar  med kjeks og drikke; Skramstadseter, Dambua og endeleg Kvarstaddammen. Vi var vel halvegs. Drikk godt, ta det med ro på matstasjonane var tipset. Eg et kjeks, drikk dyktig med varm saft. No ventar ni kilometer med hard stigning.      

Saken fortset etter annonsa

Vesle Håkon har blitt still bak skjold og klede. Den kraftige karen snur ryggen mot vinden. Er småguten i ferd med å fryse i hel? Det kan ikkje skje. Avgjerda blir enkel. Dei må ned i lågare lende. Finne ly. I austenden av Sjusjøen, som er i eit einaste rok av snø, styrer mennene unna bakke. Skogen møter dei og tek av for vinden. Men kongs emnet må ha ly og varme. Nede i eit dalsøkk dukkar brått ei grå, gammal utløe opp i snødrevet. Det blir redninga. Løa er halvfull med høy, og med litt småved får dei opp varme. Vesle Håkon blir gnidd varm i høyet og får varmt å drikke. Slik bergar han livet.    

Stigninga opp frå Kvarstaddammen er hard. Mange har stoppa opp og legg på meir feste. Fleire er tydeleg prega av godt over tre mil skigange. Eg veit at på toppen blir det unna og flatt resten av turen. Og eg takkar inderleg ho  som stod oppe i enden av stigningane og delte ut appelsinbåtar. Takk, mumla eg og miste ein av tre båtar, men du verda kor det smakte!  Sjusjøen ligg bada i sol og vi stakar og stakar. 

Så kjem dei tøffe unnakøyringane. Det er då eg merkar at eg ikkje greier å sitje særleg djupt. Låra er stive, skremmande stive. Innover mot mål  har sola laga blanke, glatte spor. Armane er blitt dovne, og fråsparket må ligge att ein stad i bakkane før møtet med appelsindama. I det fjerne høyrer  eg speakeren i målområdet. Eit skilt i løypekanten seier to kilometer. Så er eg endeleg i mål.

Dei to birkebeinarane med vesle Håkon vågar ikkje å legge seg til ro i utløa. Dei legg ut på turen vidare austover, kjem etter kvart til ei gammal seter og får unnarensle ned mot nokre små hus i skogkanten. Her søkjer dei kjentfolk som tek vel imot. Vesle Håkon får pass og pleie. Mennene er dødsslitne og skrubbsvoltne. Dei har gjort ei storbragd. Berga kongssonen frå baglarane ved å slite seg milevis over aude fjell i snø og vind.

Utmatta, men mette sovnar dei ved bordenden.

Så står ein på Birkebeinaren skistadion og alt er over. Drikk av flaska i sekken og tygg tankefullt på ein banan. Kva føler ein? Du har ikkje gjort noko storvegs. Om lag ti tusen gjer akkurat det same denne dagen i mars. Likevel, du har nådd eit mål, og har kjent at kroppen har fungert ganske bra. Det gir ei god kjensle. Som godt og vel femtiåring er du fornøgd med deg sjølv. Og ikkje minst; turen var såpass fin at det freistar til gjentaking neste år.

Bussturen heimover ber preg av slitne, trøytte kroppar. Det blir fort stilt. Hjula syng monotont mot tørr asfalt. Eg sovnar like nord om Øyer og drøymer at eg står i døra til den grå, gamle utløa ved Kvarstaddammen og gir vesle Håkon varm saft, banan og birkebeinarkjeks med sjokolade.