Storfjordnytt
6 minutter lesetid

Generasjonsskifte og framtidssatsing på landbruk i Fjord kommune

Vi, Gunhild Sunde og Simen Aasemyr, står framfor eit generasjonsskifte der vi skal ta over garden etter Håvard Sunde og Ann Mari T. Sunde. Samtidig planlegg vi ei av dei største satsingane garden har stått ovanfor på mange år, med vidare utvikling av drifta og bygging av nytt mjølkefjøs.

Saken fortset etter annonsa

Garden er i dag ein aktiv landbrukseigedom med om lag 190 vinterfôra sauer. I tillegg arbeider vi med planar om nytt mjølkefjøs med grunnlag for ein mjølkekvote på 270 tonn. Det er sendt inn byggesøknad og søkt om støtte til prosjektet. Dette representerer ei stor investering og eit langsiktig engasjement for framtidig matproduksjon og verdiskaping i Fjord kommune.

For å kunne gjennomføre generasjonsskiftet på ein god måte har vi søkt om frådeling av ei tomt på om lag eitt mål til bygging av kårbustad. Hensikta er å gi den eldre generasjonen høve til å bu i nærleiken, samtidig som vi som skal ta over garden får tilgang til den erfaringa, kompetansen og hjelpa som er verdifull i den daglege drifta.

Gjennom saksbehandlinga fekk vi beskjed om at det var behov for geologiske undersøkingar av tomta. Dette kravet tok vi på alvor og brukte om lag 160 000 kroner på nødvendige rapportar og faglege vurderingar. Konklusjonen frå rapportane var at tomta er eigna for bygging.

Vi opplever likevel at saka no i mindre grad handlar om dei geologiske forholda, og i større grad om kvar bustaden skal plasserast.

Tomta vi har søkt om ligg på om lag eitt mål dyrka mark. Samtidig har vi fått godkjent nydyrking av 26 mål. Etter vårt syn viser dette at vi ønskjer å styrkje ressursgrunnlaget for landbruket og ta vare på matjorda på eigedomen. Vi meiner derfor at saka bør vurderast i eit heilskapleg perspektiv der både jordvern, landbruksutvikling og framtidig drift blir tekne med i vurderinga.

Vi blir no bedne om å sjå på andre alternativ frå kommunen. Noko som vi allereie har gjort sjølve tidligare i prosessen, før kontakta med kommunen starta. Vi vil tru at alle dei som vil gjere ei slik storsatsing, har vurdert og tenkt seg godt om både med størrelse og plassering. I lang tid, før dei tek steget til å søkje, når det er snakk om større summar. Vi har vurdert fleire alternativ, og brukt lang tid på å ta det vi meinar er rette plasseringa. Etter vårt syn vil dette vere beste løysinga for både drifta, framtidig utvikling av garden og omsyn knytt til dyrehald. Det er og i tråd med arealplanen som kommunen sit og arbeidar med. Vi har vore i prosessen med kommunen sidan desember 2025, med minimal framdrift, og føler at dokumentasjonen vi har sendt inn ikkje blir lesen.

Vi meiner også at saka må sjåast i samanheng med bustadsituasjonen i kommunen. Foreldra våre eig ein annan eigedom, om lag ein kilometer frå hovudgarden, med tre utleigeeiningar som i dag blir nytta av personar som arbeider i kommunen. Eit av alternativa som kommunen har lagt fram vil kunne innebere at desse bustadene ikkje lenger blir tilgjengelege som utleigebustader. Samtidig som at det er viktig for den økonomiske drifta av garden, å kunne fortsette å leige ut desse sentrumsnære boligane. I ei tid der det er behov for fleire bustader og fleire fastbuande i kommunen, meiner vi dette er eit moment som bør takast med i vurderinga.

Bakgrunnen for satsinga på mjølkekyr er også knytt til behovet for å skape eit meir robust driftsgrunnlag. Fjord kommune har over fleire år vore hardt råka av tap av sau til jerv. For mange sauebønder har dette skapt stor uvisse. Ved å kombinere sauehald og mjølkeproduksjon får vi fleire bein å stå på og reduserer sårbarheita i drifta.

Samtidig utnyttar kyr og sau beiteressursane på ulike måtar. Dei beiter på ulike planteartar og i ulike delar av landskapet, noko som gir ei betre samla utnytting av ressursane på garden. Vi meiner derfor at kombinasjonen av sauehald og mjølkeproduksjon er ei framtidsretta løysing som både styrkjer økonomien og bidreg til å halde kulturlandskapet i hevd, og ikkje minst i ei tid der ein ser kor viktig det er å styrkje matberedskapen til landet vårt.

Vi ønskjer ikkje konflikt med kommunen. Vi ønskjer ein konstruktiv dialog og ei heilskapleg vurdering av korleis ein kan leggje til rette for både jordvern, landbruk, generasjonsskifte, bustadbehov og vidare utvikling i bygda.

Saken fortset etter annonsa

For oss handlar dette også om framtida vår som familie. Vi ønskjer å bli buande i Fjord kommune, stifte familie og investere både tid, arbeid og store økonomiske ressursar i bygda. Vi ønskjer å skape ein arbeidsplass, produsere mat og bidra til eit levande lokalsamfunn i mange tiår framover. Nettopp derfor opplever vi denne prosessen som krevjande.

Når unge bønder vel å satse stort på landbruket og framtida i bygda, håpar ein på støtte, forståing og konstruktiv dialog frå det offentlege. Spesielt i ei tid som no, der det leggjast ned ein gard i snitt, kvar dag i landet, er det verkeleg tøft å ta avgjersla om å satse så stort!

Vi sit att med ei kjensle av at det er vanskeleg å få gjennomslag for løysingar som både styrkjer landbruket, legg til rette for generasjonsskifte og bidreg til vidare busetting i kommunen.

For oss handlar denne saka om meir enn ei tomt. Ho handlar om å sikre eit vellukka generasjonsskifte, vidareføre ein aktiv gard med 190 vinterfôra sauer, investere i mjølkeproduksjon med 270 tonn kvote og bidra til framtidig matproduksjon og busetting i Fjord kommune.