He is dead, but he won’t lie down!
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Eg har behov for å skrive nokre tankar ut av hovudet… Derfor dette innlegget om internasjonal politikk!
Først av alt; USA i dag er ikkje det same samfunnet som Tyskland på 30-tallet, men det må vere legitimt å peike på visse likskapstrekk og utviklingstrekk som kan vere problematiske.
Vi ser mellom anna ei sterk politisk polarisering og ei demonisering av politiske motstandarar, med baktaling, hetsing og eit språk som framstiller motparten som bortimot ein eksistensiell trussel og ein fare for samfunnet. Når politiske standpunkt på denne måten blir ein del av identitet din, så blir ofte politiske kompromiss sett på som forræderi. Felles løysingar og forlik blir utenkeleg.
I dagens USA brukar styresmaktene omgrepet “fake news“ om den kritiske, redaktørstyrte pressa, på same måten som dei i Tyskland på 30-talet snakka om “Lügenpresse“. Det er påstandar om rigga val og ein sterk mistillit til rettsvesen, valorgan og ekspertar/fagmiljø. Når folk sluttar å stole på felles institusjonar, blir samfunnet meir sårbart.
Adolf Hitler bygde si støtte på å framstille seg som folket si stemme, han lova nasjonal gjenreising og ei ny tid for landet. Han peika ut jødane som den store syndebukken og han gjorde krav på “nødvendige“ og “rettmessige“ landområde. I USA ser vi liknande retoriske grep hos presidenten. Han framstiller seg sjølv som den einaste redningsmannen, han framstiller seg som representant for “det ekte folket“ i kamp mot eliten og han brukar sterk retorikk som vender seg mot folk sine kjensler framfor å fokusere på institusjonell tillit. Han kidnappar andre land sine statsleiarar og forventar at allierte land skal gi frå seg store landområde til USA – fordi dei treng det! Og ikkje minst så utpeikar han innvandrarar og fremmede kulturar som syndebukkane!
Begge samfunna var/er prega av eit bakteppe med økonomisk og kulturell uro. Tyskland var prega av oppgjeret etter første verdskrig, og USA opplever aukande økonomisk ulikskap og ei globalisering som verkar truande for mange innbyggarar. Andre nasjonar byr USA konkurranse som den leiande verdsmakta, og endringar i internasjonal handel medfører merkbare sosiale og kulturelle endringar for store folkegrupper. Slike situasjonar skapar lett grobotn for enkle forklaringar og rop om sterke leiarar.
Og ikkje minst; denne samfunnsutviklinga medfører ei normalisering av ekstrem retorikk! Det utenkelege blir gradvis akseptabelt, språket blir grovare og handlingane blir verre. Det blir auka aksept for valdeleg språkbruk og truslar mot politikarar og valfunksjonærar. Dagens leiarar brukar eit språk som for kort tid sidan ville vore heilt utenkeleg, og dei forsvarar handlingar som i demokratisk forstand er heilt uakseptable. Der Hitler hadde SA som sine nyttige idiotar og valdsmenn, har Trump ICE til å terrorisere og drepe…
Det mest utfordrande med denne situasjonen er kanskje at det faktisk er amerikanarane sjølve som må løyse den. Det er dei som har vald den politiske leiinga, og det er dei som kan og må sette ned foten. Men vi andre må stå opp og ta avstand frå det som skjer, sjølv om dette skjer hos vår kanskje sterkaste, historisk allierte. Vi må sjå om vår sikkerhet og vår nasjonale utvikling kan tryggast på andre måtar – hos andre allierte med eit meir demokratisk sinnelag.
USA 2026 er ikkje Tyskland 1933! Men det er aldri dumt å lære av historia…



