Storfjordnytt
5 minutter lesetid

Kven tør flytte heim når beredskapen forsvinn?

Vi snakkar stadig om korleis vi alle er like mykje verdt i velferdsstaten. Men i praksis er ikkje dette sant. Dersom du bur på bygda, kan det kjennast som om livet ditt er litt mindre verdt enn dersom du bur i ein by. Livet på bygda krev meir av oss. Det har vi visst lenge. Men det burde ikkje koste oss tryggleiken.

Saken fortset etter annonsa

Eg bur i ei lita bygd på indre Sunnmøre. Eg studerer til ingeniør. Eg har lyst til å flytte heim. Men den siste tida har eg byrja å spørje meg sjølv om det i det heile teke er forsvarleg.

Skal eg la barna mine få ein time reiseveg til skulen frå første klasse? Skal dei måtte flytte heimanfrå som 16-åringar fordi næraste vidaregåande skulen ligg i Ålesund? Og ikkje minst: Skal vi bu ein stad der vi ikkje eingong kan stole på at ambulansen kjem når vi treng han?

Tryggleiken er ikkje likt fordelt. Når ambulansetilbodet i Geiranger blir redusert som del av kutta i Helse Møre og Romsdal, får det også konsekvensar for bygdene rundt. Avstandane er store og alternativa få, og det finst ikkje nødvendigvis ein reserve i nærleiken dersom ambulansen er oppteken. 

Helse Møre og Romsdal skal spare over ein milliard kroner fram mot året 2032. Samtidig låg AMK Møre og Romsdal sist i landet på responstid i tettbygde strøk, og nådde heller ikkje målet for grisgrendte strøk. Når beredskapen allereie ikkje når mål, er det vanskeleg å forstå at løysinga skal vere å kutte ressursane enda meir.

På indre Sunnmøre gjer fjord, fjell, krevjande vegar og skiftande vêr utrykkingar meir tidkrevjande. Og når ei ulykke først skjer, kan minutt vere avgjerande. 

Eg bur i Norddal og arbeider i Geiranger. Arbeidsvegen min på om lag 40 minutt går gjennom smale, svingete og rasutsette parti, mellom anna Norddalsstranda og Ørnesvingane. Dette er kvardagen for mange som bur og arbeider på indre Sunnmøre.

Kva skjer dersom eg eller nokon andre blir alvorleg skada? Når ambulansen i Geiranger ikkje lenger er tilgjengeleg, må hjelpa kome frå andre stader. Ferjesamband kan også forseinke utrykkinga. Det betyr lengre ventetid når ein har minst til å miste.

Vi som bur på bygda bidreg til fellesskapet på same måte som alle andre. Vi held lokalsamfunna i gang. Likevel blir vi stadig oftare forventa å akseptere dårlegare grunnleggjande tenester og svakare tryggleik. 

Skal vi berre akseptere at kvar vi bur, skal avgjere kor raskt ein får hjelp i ein akutt situasjon? Dette betyr i praksis at nokre nordmenn lever med høgare risiko enn andre. 

Geiranger er ein av Noregs mest populære turistdestinasjonar, og skapar store verdiar for kommunen, regionen og landet. Men Geiranger er ikkje berre ein turistdestinasjon. Det er ein stad folk bur og arbeider heile året. 

Når lokalsamfunnet bidreg så mykje til norsk reiseliv og verdiskaping, er det vanskeleg å forstå at grunnleggjande beredskap blir redusert. 

For meg kjem dette ned til ein ting: sentralisering.

Det blir sagt at det blir jobba imot denne sentraliseringa. Men utviklinga peikar i fleire tilfelle i motsett retning. Regjeringa seier at vi må snu den negative utviklinga med fråflytting og aukande aldring i mindre kommunar, blant anna gjennom ordningar for sletting av studiegjeld. Men kva hjelper slike tiltak dersom ein ikkje kan stole på grunnleggjande tryggleik og tenesta?

Saken fortset etter annonsa

Er det ikkje merkverdig at vi lever i eit av verdas rikaste land, med store og aukande statlege inntekter, medan grunnleggjande beredskap i distrikta blir svekka? Dette handlar ikkje om at Noreg manglar pengar. Det handlar om korleis vi vel å prioritere dei. 

Eg ynskjer eit Noreg der bustadadressa di ikkje avgjer kor trygg du er. Eg ynskjer eit Noreg med lokalsamfunn. Og eg ynskjer eit Noreg der vi alle føler oss like viktige. Men dessverre er det ikkje den vegen det går. 

Dersom målet er å halde liv i distrikta, må beredskap og grunnleggjande tenester skjermast frå reine sparekutt. Helse Møre og Romsdal må ikkje redusere døgnberedskapen i distrikta før dei kan dokumentere forsvarleg responstid, reell risiko og tilgjengelege alternative ressursar. Det handlar ikkje berre om Geiranger eller Stranda, men om eit system som skal fungere for heile landet. 

Eg ynskjer framleis å flytte heim. Eg ynskjer at framtidige barn skal få vekse opp mellom fjord og fjell. Men då må eg kunne stole på at samfunnet stiller opp når det verkeleg gjeld. 

For utan tryggleik blir bygda ikkje eit fritt val. Bygda blir ein risiko folk blir bedne om å ta åleine.