Storfjordnytt
3 minutter lesetid

Lyskunstfestival, Silent Disco og musikklegender

Når Geiranger lyskunstfestival går av stabelen frå 13. til 22. februar 2026, byr festivalen ikkje berre på ei spektakulær lyskunstutstilling, men også på konsertar og arrangement som skal samle både unge og vaksne frå heile regionen.

Saken fortset etter annonsa

Lyskunstutstillinga er open kvar dag klokka 18–22 og strekkjer seg over ei to kilometer lang løype frå fjorden og opp gjennom bygda. I tillegg til lyskunsten står eit variert konsert- og aktivitetsprogram sentralt i festivalen.

– Vi presenterer ei lyskunstutstilling med norske og internasjonale kunstnarar, og i tillegg har vi ei rekkje varierte musikk- og kulturopplevingar seier prosjektleiar Gunnar Inge Eide i ei pressemelding.

Silent Disco ved fjorden for dei unge

Tysdag 17., torsdag 19. og laurdag 21. februar blir det Silent Disco ved fjorden, ved Geiranger camping. Her kan ungdom og unge vaksne danse med hovudtelefonar og diskolys i vintermørkret, med fjord og lyskunst som kulisse.

– Silent Disco har vist seg å vere svært populært blant unge, og gir ein heilt eigen stemning når det skjer ute ved fjorden om vinteren, seier Eide.

Saken fortset etter annonsa

Groven og Kleive i Geiranger kyrkje

Laurdag 21. februar klokka 16 blir det konsert med Sigmund Groven og Iver Kleive i Geiranger kyrkje. Duoen er kjende for sitt særprega samspel mellom munnspel og orgel, og konserten er venta å trekkje publikum frå eit stort område. Billettar er til sals både på Tikkio og i døra.

– Dette er ei konsertoppleving vi trur mange i regionen vil setje pris på. Kyrkjerommet og vinterstemninga gir ei heilt spesiell ramme, seier Eide.

Arrangement for heile regionen

Geiranger lyskunstfestival er eit regionalt arrangement med lokal forankring. Serveringsstader, hotell og Norsk Fjordsenter held ope kvar dag under festivalen, og programmet byr på aktivitetar for fleire aldersgrupper.

– Festivalen er gratis og open for alle. Vi håpar både folk frå nærområdet og frå kommunane rundt Storfjorden tek turen, seier Eide.

Den offisielle opninga av festivalen er fredag 13. februar klokka 18.