No er det ungdommen som bestemmer
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det siste året har Stranda vidaregåande skule vore under hardt press. Fylkesadministrasjonen har foreslått både nedbygging og nedlegging. Etter offensiv mobilisering frå lokalmiljøet vedtok fylkestinget å oppretthalde skulen. No er det i realiteten 16-åringane og dei føresette som avgjer framtida for skulen.
Vil mange nok frå Fjord og Stranda kommunar søke seg til Stranda vgs? Det trengst fleire elevar for at skulen skal vere sikra ei trygg framtid. Ikkje minst gjeld det den studiespesialiserande utdanninga.
Vi lever i ei tid der sentralisering og urbanisering er ein såkalla megatrend. Det styrker byane, og bygdene blir svekte. Ordninga med fritt skuleval ser ut til å dra i same retning. Det vere vanskeleg å velje blant dei mange tilboda i vidaregåande opplæring. Det beste er oftast å ta utgangspunkt i eigne interesser. For mange er det også ein fordel å kunne bu heime eller at reisevegen er så kort som mogeleg.
Somme trur at dei store bynære skulane tilbyr betre utdanning. Store skular kan nok tilby ei større fagleg breidde og fleire fag å velje mellom. Men det er ikkje opplagt at kvaliteten, eller resultata er betre. Mindre skular kan ofte tilby mindre grupper og meir individuell oppfølging.
Stranda vidaregåande skule skårar over snittet i fylket på fleire faktorar som er viktig både for trivsel og faglege resultat. Det gjeld både yrkesfaga og den meir akademisk retta utdanninga.
Det var ei storhending då gymnaset kom til Stranda for litt over 50 år sidan. Gjennom desse åra har skulen spelt ei avgjerande rolle for vidare utdanning og yrkesval for ungdom frå bygdene i Fjord og Stranda. Verdien for lokalmiljøa – næringslivet, det offentlege og for det frivillige arbeidet – har vore uendeleg stor.
No handlar det om å ta vare på denne arven og føre han vidare. Med studiekompetanse frå Stranda ligg dei aller fleste studievegane opne.
Frå 2027 blir det Stranda og Sykkylven vidaregåande skule. Eit felles mål må vere ei endå breiare og sterkare plattform for vidaregåande opplæring i distriktet.



