Ny kyrkjeverje
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Magne Eivind Glomnes frå Valldal er tilsett som ny kyrkjeverje i Storfjorden kyrkjelege fellesråd, med hovedkontor i Stranda. Han startar i stillinga den 1. september i år, og tek over stillinga etter Petra Riste Synnes.
Magne Eivind Glomnes har lang fartstid i kyrkjeleg arbeid og i fellesrådet. Han starta som kyrkjeverje i 1997 i tidlegare Norddal fellesråd, og har vore med i samanslåinga av fem fellesråd til eitt i 2012, til dagens Storfjorden kyrkjelege fellesråd. Sidan har han jobba som rådgjevar økonomi og fungert som assisterande kyrkjeverje i ferier og anna fravær.
Sokneråda, fellesrådet og staben er glad for at Magne Eivind Glomnes, med sin kompetanse og kunnskap om kyrkjelivet i bygdene i Stranda og Fjord kommunar, er den som skal leie arbeidet vidare som ny kyrkjeverje.



