Storfjordnytt
3 minutter lesetid

Nynorsk – kvar veke, kvar dag

I «nynorskveka» framhevar Noregs mållag viktige merkedagar for nynorsken. Ein av desse er 12. mai. Dette er datoen då Stortinget i 1885 vedtok å jamstille landsmål (no nynorsk) med dansk (no bokmål). «Jamstillingsvedtaket» har vore ein grunnmur for å bygge nynorsk som eit nasjonalspråk som alle skal lære i skulen.

Saken fortset etter annonsa

6. mai 2014 er ein nyare merkedag. Den datoen i 2014 vedtok Stortinget ein fornya versjon av Grunnlova, ein versjon på bokmål og ein på nynorsk. No er målet at nynorsk (og bokmål) skal grunnlovsfestast som nasjonalt hovudspråk.

Like viktig er det å forsterke kampen for at læremiddel, ikkje minst digitale, er tilgjengelege på nynorsk. Her har staten eit særleg ansvar, men kommunane og skulane må også stille opp.

Mållaget oppmodar både skular, barnehagar, bibliotek og andre til å satse ekstra på nynorsk gjennom nynorskveka.

Det er gode grunnar til slike markeringar. Men Stranda mållag meiner at det er endå viktigare at nynorsken blir brukt kvar veke og kvar einaste dag av flest mogeleg. Det må vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar!

I vårt område er dette sjølvsagt. Eller er det eigentleg det? Vi er heldige som har lokalaviser der nynorsk er hovudspråket. Aviser – enten det er digitalutgåver eller papirutgåver – er viktige språkbrukarar og førebilete.

Saken fortset etter annonsa

Stranda mållag oppmodar det lokale næringslivet til å bruke meir nynorsk. Vi har gode førebilde på dette området, noko vi framheva då «Denne Stranda» fekk Målprisen i år.

Likevel har både vi i mållaget og andre ein jobb å gjere. Vi ser litt for ofte at bedrifter som i eigenreklamen viser til lokal tilknyting og lokal identitet hoppar bukk over dette når det gjeld val av språk.

Nyleg hadde til dømes Sparebanken Møre store annonsar i lokalavisene – på bokmål. Og denne bedrifta er ikkje den einaste som «skeiar ut».

Gjennom ord blir verda stor, heiter det. Nynorsk verkar kvar einaste dag!