Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Stranda vidaregåande skule – høgst levande og framtidsretta!

Foreldre og elevar ved ungdomstrinna våre, spesielt 10. klassetrinnet, er i desse dagar inne i viktige prosessar for å velje vidaregåande utdanning.

Saken fortset etter annonsa

Stranda og Fjord kommunar har saman med næringslivet vårt engasjert oss for å vere med å skape eit framtidsretta og attraktivt studietilbod ved Stranda vidaregåande skule, og det har vi lukkast med. Vi skal halde fram med å jobbe slik, for å sikre at utviklinga av Stranda vidaregåande skule er med og understøttar kompetanse- og rekrutteringsbehovet i både kommunane og næringslivet vårt lokalt og regionalt.

Allereie frå hausten av vert det starta opp eit nytt tilbod innan yrkesfag, ein alternativ yrkesfagleg opplæringsmodell som vert kalla Bedriftsmodellen. Dette er heilt nytt i Møre og Romsdal, og opplæringa er eit samarbeid mellom skulen og ei av våre lokale lærebedrifter frå dag ein. Det gjer det mogleg å velje til dømes  bygg- og anleggsteknikk ved Stranda vgs. Tilbodet gjeld og ei rekkje andre studieretningar.  Her er spennande moglegheiter.

Skulen har eigen Erasmus + akkreditering både på studiespesialisering og yrkesfag. Dette gir alle elevane moglegheiter for internasjonalisering. Fleire spennande samarbeid er under planlegging og utvikling. Skulen har framleis attraktive studietilbod både Naturbruk og Helse- og oppvekstfag, idrettsfag og studiespesialisering. Kommunane Fjord og Stranda og lærebedriftene våre står klare for å ta mot nye elevar. Fjord kommune har til dømes 6 ledige læreplassar; 4 helsefagarbeidarar, 1 barne- og ungdomsarbeidar og 1 ernæringskokk.

Saken fortset etter annonsa

Kom på ope møte tysdag 27. januar på Storfjord kulturhus på Stranda kl 18 og høyr meir om dei spennande nye moglegheitene! Møtet vert spesielt målretta for foreldre med ungdom i søkefasen, men alle som er interessert er velkomne. Møtet vert også strøyma for dei som ikkje har høve til å møte fysisk.

Helsing ordførarane i Fjord og Stranda kommunar