Prestegarden har ikkje skifta namn!
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Har fått ein del spørsmål i seinare tid om Prestegarden på Engeset har skifta namn, men kan svare at det har den ikkje. Stiftinga Norddal prestegard eig bygningane med litt areal rundt, og tunet på Engeset ber som før namnet Prestegarden i daglegtale. Og på bakgrunn av dette nyttar vi høvet til å informere litt om Prestegarden:
Prestegarden, i første rekkje synleg i form av eit gamalt gardstun, var prestegard og bustad for soknepresten i Norddal frå 1694 til 1999. I dag er tunet, med m.a. tre freda bygningar og ei stor driftsbygning, ått av ei ideell stifting – Stiftinga Norddal prestegard. I første omgang var det Norddal kommune som kjøpte deler av tunet frå Opplysningsvesenets fond, sidan vart resten kjøpt av denne stiftinga (som kommunen i samarbeid med fleire organisasjonar fekk i stand). Kring husa eig stiftinga nokre dekar med hagar og tunområde. – Som gardsbruk var prestegarden på Engeset i si tid eit av dei største på Sunnmøre (målt i skyld), og framleis er store deler av inn- og utmark eigd av det offentlege. Oppslysningsvesenets fond vart i 2024 til Allstad. Stiftinga Norddal prestegard har eit styre på fem personar, der to representerer Fjord kommune.
Det meste av hovudhuset, prestebustaden, er i dag utleigd til ein familie. Dei leiger og ein liten jordveg der dei driv hagebruk, og drifta er registrert i enkeltpersonføretaket Martens Kaltegarden. Vidare har Verdsavstiftinga leigd garasjen (til verkstad), kontorplass og høve til å nytte stabburet og deler av løa i fleire år, og dei har planar om vidare satsing på verkstad i løa. Verdsavstiftinga har kosta framføring av straum til løa. I løa er det også fleire leigetakarar som driv ulike aktivitetar. Paktarstova («Borgstova», prestebustad frå ca 1700 til 1905) er utstyrt for utleige til møte, selskap og ulike arrangement både i privat regi og meir kommersiell verksemd. Stiftinga har også eigne tilskipingar, gjerne med historiske tema knytt til Prestegarden og bygdene på indre Sunnmøre. «Bruk er det beste vern», vert det sagt, og difor oppmodar vi til at tunet, husa og ikkje minst Paktarstova blir bruka, og leiga er rimeleg.
Stiftinga Norddal prestegard arbeider etter vedtekter som går på å særleg ta vare på dei freda bygningane, hovudhuset (frå 1905), Paktarstova (frå 1700-talet) og stabburet (frå 1700-talet), men og å utvikle tunet som heilskap. Såleis er det i seinare år bruka store summar på restaurering av tak på hovudhuset og stabburet, og m.a. veggar på driftsbygninga (frå seint 1800-tal). Fylket, Riksantikvaren og Kulturminnefondet har ytt tilskot, og alle arbeid og tiltak må skje etter råd og krav frå antikvariske styresmakter.



