Storfjordnytt
3 minutter lesetid

Referat fra seniortreff 3. juni

Onsdag 3. juni var om lag 65 personar samla til det siste Seniortreffet i Stordal og Liabygda Pensjonistlag før sommarferien. Leiar Ann Elise ønskte alle hjarteleg velkomne før Nabolaget spelte opp, og vi song dei to faste opningssongane våre.

Saken fortset etter annonsa

Vi innleidde samlinga med eitt minutt stillheit og tente lys til minne om vårt mangeårige medlem Bjørg Vad, som nyleg har gått bort. Vi minnest henne med takksemd for alt ho har vore for laget gjennom mange år.

Steinar Lamo heldt deretter ord for dagen og las diktet «Han Peder og drømmen» av Helge Stangnes. Diktet skildrar kvardagen til Peder på aldersheimen, og gav ei varm, men også tankevekkjande skildring av verdigheit, minner og lengsel.

Steinar Lamo  las diktet «Han Peder og drømmen».

Laget har i år to personar som har vore trufaste medlemar gjennom 15 år i laget vårt – Ragnhild Øie og Johan Møllerhaug. Ragnhild fekk overrakt rosebukett og jubileumspins. Johan hadde ikkje høve til å vere til stades, men vil få utmerkinga ved eit seinare Seniortreff.

Nabolaget stod for flott underhaldning med song og musikk under heile treffet – noko som vart sett stor pris på, og mange nytta også høvet å ta seg ein svingom på dansegolvet. 

Saken fortset etter annonsa

Det vart også delt ut quiz, og mange viste imponerande kunnskap med mange rette svar.

Kjøkkengjengen serverte gode smørbrød, kaffi og kringle, og praten gjekk livleg rundt borda.

Som vanleg var det åresal. Denne gongen med blomstrer som hovudgevinstar.

Leiar orienterte om den komande todagars turen til Kalvåg i september. Påmeldingsfristen er utsett til 10. juni. Interesserte kan melde seg til Ole Jakob Rødset på telefon 458 85 972.

Neste Seniortreff vert siste veka i august.

Til slutt takka leiar for godt frammøte og ønskte alle ein riktig god og fin sommar.