Sakene gjekk unna og alt var samrøystes
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Tradisjonen tru, heldt Mental Helse Fjord årsmøte andre tysdagen i februar. Møtet var på Stordal frivilligsentral med godt frammøte.
Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe opna årsmøtet og konstituerte det. Valborg Haugen vart valt til møteleiar. Utan merknad til korkje innkalling eller saksliste, gjekk ein rett på sakene. Årsmelding og rekneskap for 2025 vart lagt fram og godkjende. Likeeins gjekk det med handlingsplan og budsjett for 2026. Økonomien er tilfredsstillande. Det var ingen innkomne saker.
Årsmeldinga syner god og allsidig aktivitet i laget. Blant anna vart det gjennomført mange temamøte som er opne for alle interesserte. Handlingsplanen legg opp til stor og variert aktivitet i komande periode.
Siste post er val. Jorunn Vestre (kasserar), Marit Abelvik og Torill Sandvik takka for seg etter mange år i styret, og nye personar vart valde. Det nye styret fekk slik samansetjing: Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe, kasserar Gunn Busengdal og Ingebjørg Vestre med varamedlemmer Eystein Hjelme og Else Midtbust. Revisorane Torbjørn Hove og Lars Petter Aasen vart attvalde. Arna Øvrebust vart leiar i valkomiteen og Einar Søvik medlem. På nettsida til Mental Helse Fjord kan du lese meir om laget.


