Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Temamøte om balanse og førebygging av fall

Fall er den vanlegaste ulukka som rammar eldre, og om lag ein tredel av dei over 65 år fell. Risikoen for å falle aukar med alderen. Skader ein pådreg seg har store konsekvensar for den enkelte og pårørande. Sjølv om årsakene til fall er samansette, er styrke og balansetrening det mest virkningsfulle tiltaket for å forebygge fall.

Saken fortset etter annonsa

På temamøtet 13. januar på Stordal frivilligsentral vil fysioterapeut Øyvind Sundnes snakke om kva som påvirkar balansen og kvifor førebygging av fall er så viktig. Han vil også demonstrere treningsøvingar som kan hjelpe med å oppretthalde balansen eller forbetre balansen. Møtet er ope for alle interesserte. Det vert enkel servering og tid for sosialt samvær. Gratis entre.

Mental Helse Fjord, Stordal Helselag og Hørselsforbundet Indre Sunnmøre er arrangørar av temamøtet, og ønskjer alle velkomne.