Norddal er årets stemnestad
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Søndag 14. juni er det duka for Storfjordstemnet 2026, denne gongen i sentrum av Norddal. Arrangørane i Storfjordens Venner lovar i ei pressemelding både kulturinnslag, lokalhistorie, foredrag og aktivitetar som skal vise fram bygda og området rundt.
Årets stemne er lagt til Norddal etter at Foreininga for Sjøfart og Sjøbruk i Storfjorden vart ein del av Storfjordens Venner i fjor. Ifølgje arrangørane er dette med på å løfte fram den maritime historia knytt til naustmiljøet og dei mange tradisjonelle båtane som er samla i bygda.
Programmet startar klokka 12 med helsing frå ordførar Terese Jemtegård Moen og styreleiar Inge Bjørdal. Deretter vert det musikalske innslag ved Valldal Spelemannslag, før Ola Relling frå avisa Dag og Tid tek publikum med på eit historisk tilbakeblikk.
Lokale krefter står også på scena når Celien de Pelecijn og Gunnar Inge Eide byr på musikk og song. Publikum får dessutan høyre om situasjonen i Norddal i dag gjennom innlegg frå Stein Ivar Krohn og Bjørn Relling.

Etter mat og mingling vert det konkurranse i kasting av fortøyingsblåser, der årets «Storblåsar 2026» skal kårast.
Vil vise fram bygda
Etter at hovudprogrammet er avslutta, inviterer arrangørane til ei rekkje aktivitetar rundt om i bygda. Mellom tilboda er kåseri i Norddal kyrkje, orientering om Notanaustet, besøk til Melchiorgarden, Fagrevollen gruvemuseum, Petrines Gjestgiveri og Naturgarden på Fjøsen.
Det vert også mogleg å besøkje Prestegarden og Kaltegarden, gå tur til gapahuken på Hatlestad eller ta biltur til Rellingsetra og Herdalssetra.
Seinare på ettermiddagen vil bonde og historikar Jostein Sande fortelje om Smith-husa og arbeidet med Norddal Prestegard.
Håpar på godt vêr
Storfjordens Venner håpar mange vil ta turen til Norddal denne dagen.
– Vi håpar på godt vêr og at tilreisande set av dagen for å bli kjende med bygda, folket og den energien eit lite bygdesamfunn kan mobilisere, heiter det i pressemeldinga.
Stemnebilletten kostar 150 kroner og kan betalast med kontantar eller Vipps ved oppmøte.


