Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Ny storkonsert i Rosekyrkja

Søndag førstkomande er det klart for Marie Løvås i Rosekyrkja i Stordal. Ho er den yngste og kanskje mest spennande av artistane i Kyrkjehola kulturbeite i 2026! Arrangørane er svært stolte og glade over å kunne presentere eit ungt visepop-fenomen frå vårt eige distrikt – nærare bestemt frå Skodje. 

Saken fortset etter annonsa

Marie er ein svært komplett artist med eit intenst og strålande år bak seg. Musikken hennar står støtt i visetradisjonen, men overraskar likevel med fengande refreng, poetiske bilde og ei stemme som treff – både varmt og klokkeklart. Ho har med seg svært dyktige musikarar; Henrik Lillehaug på gitar og Bård Kristian Kylland på tangentinstrument, diverse synthar og trommemaskin. Marie sjølv spelar både på akustisk gitar og piano.

At Marie fekk Spellemannprisen i viseklassa i 2025 er eit tydeleg bevis på at ho er ein av dei hottaste artistane på den norske musikkscena i dag. Med sitt kritikarroste album «Alle mine svar blei om til såpebobleregn» frå oktober 2024 har ho tatt steget ut til eit breitt publikum. Seinast no nyleg var ho med på den store TV-sendte konserten «Visa vår – en feiring av norsk visemusikk». Her stilte ho på scena med det absolutt beste innanfor norsk visetradisjon

Marie fyller rommet rundt seg, anten det er kirkerom, kulturhus eller små scener. Og no er det Kyrkjeholepublikummet sin tur til å oppleve henne – i eit av Sunnmøre sine mest fantastiske historiske rom – Rosekyrkja!

Saken fortset etter annonsa

Dette bør du verkeleg få med deg på ein søndagskveld i juni. Kanskje akkurat dette er kvelden for å bruke 350 kroner på å høyre noko ungt og spennande…?