Storfjordnytt
5 minutter lesetid

Vitskap og kunnskap – poding for berekraftig fruktproduksjon

I dei varme og fuktige fjordane på vestlandet har folk dyrka frukt i lange tider. For ikkje fullt så lenge sidan visste truleg dei fleste kva poding er og det var vanleg gardsarbeid. Slik er det ikkje lenger, men det går an å lære.

Saken fortset etter annonsa

Kunsten å pode kom mest truleg Silkevegen frå Kina til Europa for fleire tusen år sidan. Etterkvart spreidde metoden seg nordover og kom til Noreg og Norden med munkane i Middelalderen.

Poding inneber å sette ein eller fleire sortar av ei frukt (eple, pære, plomme) på ei grunnstamme.

Slike virusfrie og bruksklare grunnstammer får ein kjøpe i bunt frå forhandlar.

Enten lagar ein eit nytt frukttre ved å sette ein årsskot av eit tre saman med ei grunnstamme (av same art) slik at dei veks ihop eller ved å sette ein annan sort på eit eksisterande tre. Slik kan ein få fleire sortar på ei stamme.

Høgst relevant kunnskap i totalberedskapsåret

Interesseorganisasjonen KVANN (Kunnskap og Vern av Nytteplanter i Noreg) arbeider for å bevare plantemangfald. Dei samarbeider med internasjonale bruksgenbankar og frøsamlarorganisasjonar om å ta vare på gamle nytteplanter.

Organisasjonen har fokus på klimavennleg lokal matproduksjon med tanke på auka matberedskap. Eit av tiltaka dei arbeider aktivt med er å etablere det dei kallar demonstrasjons- og forsøkshagar i Noreg. I samband med det har Fruktlauget i KVANN, i samarbeid med Norges Bondelag, arrangert ein landsdekkjande turné med kurs i poding av epletre.

Den perfekte kursstaden fann dei i Norddal

Mandag 13. april var det altså kurs på Paktarstova og dei som kom fekk ei solid fagleg og praktisk innføring av kursleiar Eirik Lillebøe Wiken. Wiken er utdanna gartnar, arborist (tredoktor) og lærar i permakultur. Han har jobba med planter og tre sidan midten av 1990-åra.

Eirik Lillebøe Wiken er ein kunnskapsrik, dyktig og humoristisk anlagt kurshaldar.

Lillebøe Wiken fortalde med innleving og humor om korleis han kom inn i faget. Som ung idealist var han veldig oppteken av alt som spirer og gror og utdanna seg til gartnar. Han var ikkje heilt nøgd med det han lærte og sette seg føre å utvide kunnskapen i meir økologisk retning.

Saken fortset etter annonsa

I 2003 kjøpte han Alvastien Telste, ein gammal og bratt fruktgard på 300 mål i Hardanger, saman med kona Hege Iren. Garden utvikla dei til det som i 2016 vart Noregs første LAND-senter for læring, aktivitet, nettverk og demonstrasjon, som dei no driv på fulltid.

Knivane må vere sylskarpe og kappeteknikken er slik at ein bør konsentrere seg ordentleg.

Den som er interessert i arbeidet som KVANN gjer finn mykje relevant informasjon på deira heimesider. Organisasjonen vil arrangere fleire slike turnear og den som gjekk glipp av høvet denne gongen kan halde utkikk etter fleire kurs i framtida.