Åtte millionar kan avgjere framtida for norske industribær
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det hastar med å få på plass ei støtteordning for fellesanlegg som frys inn norske bær til industrien. Det er hovudbodskapen i eit nytt forslag til forskriftsendring som er del av det Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag no forhandlar med staten om i samband med årets jordbruksoppgjer.
Bakgrunnen er ei kraftig nedgang i norsk produksjon av bær til industriformål dei siste åra. Frå 2013 til 2017 låg den norske produksjonen av industribær på i snitt nær 750 tonn årleg. I perioden 2018 til 2022 fall dette til under 300 tonn i året, med eit botnpunkt på berre 108 tonn i 2021. Samstundes importerer industrien fleire tusen tonn bær kvart år.
Fem anlegg i landet
Forslaget peikar på at det i dag finst fem fellesanlegg for innfrysing av bær i Noreg; eitt i Møre og Romsdal og fire i Vestland. Og det eine i Møre og Romsdal er altså Valldal Grønt AS – i Valldal. Desse er særleg viktige for produsentmiljøa i dei to fylka, der mykje av frilandsproduksjonen av bær til industrien skjer. Men anlegga slit med økonomien fordi volumet av norske bær har falle og kostnadene til straum og anna har auka. Når det kjem mindre bær inn, aukar kostnaden per kilo for innfrysing og handtering.
I forslaget blir det understreka at slike fellesanlegg er heilt avgjerande for at bøndene skal kunne satse på industribær. Innfrysing krev store investeringar i maskiner, kvalitetssikring og logistikk, noko enkeltprodusentar ikkje kan handtere åleine. Samstundes er produsentane avhengige av at anlegga tek seg av mottak, logistikk og sal av bæra.
– Dette har blitt ein vond sirkel som trugar med å sparke beina under produkt som det finst både marknad og betalingsvilje for – og politisk ønske om styrking av, heiter det i forslaget.
Forslagsstillarane meiner difor at det no er avgjerande å få på plass ei eiga støtteordning gjennom jordbruksavtalen. Dei ber om at det blir oppretta ei ordning etter same modell som dagens tilskot til fellespakkeri for frukt. Alternativt ønskjer dei at innfrysing av bær blir teke inn i den eksisterande forskrifta for frukt.
Åtte millionar
Det blir foreslått ei samla tilskotsramme på åtte millionar kroner, fordelt mellom anlegga etter kor mykje bær dei frys inn og sel til industrien. Ifølgje forslaget vil ei slik ordning koste lite, men kunne få avgjerande betydning for å berge næringa.
Forslagsstillarane peikar også på at saka handlar om meir enn berre bøndene. Norsk tilgang på industribær er viktig for at norske industribedrifter skal få tilgang til tollfrie importkvotar. Dersom den norske produksjonen held fram med å falle, kan heile kvoteordninga og tollvernet bli truga.
I forslaget blir det slått fast at marknaden for norske industribær framleis er der, og at betalingsviljen er god. Problemet er at økonomien i produksjonen ikkje heng saman, særleg samanlikna med bær til konsum. Det er derfor behov for raske tiltak dersom ein skal unngå at fleire produsentar gir seg.
Valldal Grønt
For Valldal Grønt AS sin del, er ein no der at dette kan vere eit vere eller ikkje vere for innfrysingsanlegget. Kostnadene for å fryse ned bær aukar og inntektene synker fordi dei får inn altfor lite bær.
– Det er rett og slett svært krevjande å få rekneskapen til å gå opp når volumet fell så kraftig som det har gjort dei siste åra, seier dagleg leiar i Valldal Grønt AS, Eirik Valldal i ein uttale til framlegget om å endre forskrifta.
Anders Jørgen Gjerde, som sit i styret i Valldal Grønt AS, er uroa for framtida til mottaket og innfrysingsanlegget i Valldal.
– Om vi ikkje har dette innfrysingsanlegget, vil industribæra gå til spille, seier han og legg til at det vil ha store ringverknader for heile bransjen. For det er nemleg slik at med industribæra får jordbærbøndene utnytta meir av avlinga.
– Til konsum kan vi berre bruke dei største og finaste bæra. Men – om sesongen til dømes regnar vekk, så mister vi konsumbæra, men kan likevel levere til industri. Det er dette som gjer det mogleg å produsere jordbær på friland, seier han.
– Det dreier seg om åtte millionar kroner, kvar elles i samfunnet får vi så mykje att for pengane som ved å støtte opp under dei fem innfrysingsanlegga vi har i Noreg, undrar Kristin Gilje Sandnes som legg til at kostnaden tilsvarar kjøp av ei lita leilegheit i Oslo. Ho er både jordbærprodusent og styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag.
Frysekapasiteten til Valldal Grønt AS er på 40 tonn i døgnet – og for å sette det heile litt på spissen: heile fjorårssesongen kunne dei ha frose ned på berre to døgn…
– Valldal Grønt AS er i dag heilt avgjerande for norsk bærbransje. Vi står for mellom 80 og 95 prosent av alle frosne jordbær som vert selde gjennom Gartnerhallen. Viss vi må gi opp, forsvinn også grunnlaget for norskprodusert jordbærsyltetøy i butikkane. Det vil vere eit stort tap for både bøndene, industrien og norske forbrukarar, slår dagleg leiar i Valldal Grønt AS fast.
Også Luster Grønt AS som held til i Høyheimsvik i Luster kommune, stiller seg bak dette forslaget som sidestiller bærfryseria med mottak av frukt når det gjeld økonomisk støtte.
Industrien
Lerum AS, ein av dei største avhendarar av industribær i Noreg, støttar også framlegget frå landbruksorganisasjonane. Dei har lenge vore uroa over at volumet på industribær tilgjengeleg i Noreg er fallande. Hans Chr. Bjerketveit, direktør forsyning og forretningsutvikling i Lerum AS, trur at ytterlegare tilskot vil kunne motivere til fortsatt satsing på industribær.
– Industri- og produsentmiljøet har ein felles avhengigheit og interesse av å oppretthalde, og ideelt sett auke, volumet av norske industribær. Dette mellom anna for å underbyggje dagens tollkvoteordningar, som fungerer svært godt som ein motivator for å bruke norsk råvare, seier Bjerketveit i ein uttale til framlegget om forskriftsendring. Han legg til at norsk råvare er å foretrekke både med omsyn til smak, i tillegg til at norske råvarer er kortreiste når ein samanliknar med alternativet med import.
– For jordbær spesifikt, er det no kun sortar dyrka på friland som er eigna i våre produkt, fortel han.
Det siste stadfestar dei som er samla på Myklebust denne dagen. Det er ingen sortar tunnelbær som er godkjende som industribær.
Ifølgje Kristin Sandnes er dette såre enkelt og ho ber staten om å ta inn forskriftsendringa og løyve dei nødvendige åtte millionane slik at næringa kan vidareutviklast.
– Uforståeleg
Ane I. Støen Mittet, organisasjonssjef i Norges Bondelag, peikar på at vidare drift av innfrysingsanlegga er viktig for å sikre framleis bærproduksjon på friland i Noreg. Utan slike, får ikkje bøndene levert bæra sine til næringsmiddelindustrien. I Bondelaget er irritasjonen stor over at staten ikkje har tatt med dette forslaget i tilbodet sitt.
– Det er uforståeleg at staten ikkje har gått inn for å redde dei fem innfrysingsanlegga det her er snakk om. Innfrysingsanlegga er ein heilt nødvendig del av infrastrukturen som muleggjer bærproduksjon og næringsverksemd i heile landet, seier Kristin Gilje Sandnes.
– Det handlar ikkje om å opprette ei ny tilskotsordning, men om å utvide den ordninga som i dag allereie finst for frukt, til også å gjelde bær. Det einaste som må til, er ei forskriftsendring og pengar på bordet, slår ho fast.
Forhandlingane pågår
Dei fire som er samla på Myklebust denne fredagen er svært spente på jordbruksforhandlingane der partane har frist til midnatt i morgon, laurdag 16. mai, med å bli samde. Geir Inge Lien, stortingsrepresentant for Senterpartiet, meiner at kravet til organisasjonane langt ifrå er urimeleg. Han viser til at det er eit mål om å auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent, i tillegg til at det er eit mål å auke inntektene til bøndene slik at gapet mellom bondens lønn og lønna til andre grupper, vert tetta.
– Krava er slik vi ser det heilt legitime og heilt innafor. Og kravet om at fellesanlegga for innfrysing av bær skal behandlast likt som fellesanlegga for frukt, er utruleg viktig, seier han og legg til at dt er utruleg viktig for heilskapen at staten innfrir dette og dei andre krava frå bondeorganisasjonane.
Også ordførar Terese Jemtegård Moen er samd med krava bøndene – og sett i eit beredskaps- og sjølvforsyningsperspektiv, meiner ho det er særs viktig at krava vert innfridde.
Så står det altså att å sjå – det skal forhandlast fram til midnatt laurdag 16. mai. Om det endar med semje eller med brot, veit vi altså ikkje i skrivande stund.


